Ehud Olmert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ehud Olmert i São Paulo i 2005.
Foto: Antônio Milena/ABr

Ehud Olmert, hebraisk: אהוד אולמרט, (fødd 30. september 1945 i Binyamina i Israel) var statsminister i Israel frå 11. april 2006 til 31. mars 2009. Frå 4. januar 2006 hadde han vore fungerande statsminister, etter at Ariel Sharon hadde fått eit hjerneslag. Olmert tok òg over som leiar for partiet Kadima, som Sharon var grunnleggjar av.

Gjennom heile tida som statsminister hadde Olmert skuldingar mot seg om korrupsjon. Då tidlegare utanriksminister Tzipi Livni utfordra han i leiarposisjonen i partiet den 30. juli 2008, valde Olmert å ikkje stille til attval som partileiar, og han sa at han ville gå av som statsminister så snart ein ny leiar var vald. Livni vann kampen og prøvde å setje saman ei ny regjering i september det året. Desse forsøka var resultatlause, og det vart i staden halde val i februar 2009. 20. februar valde den israelske presidenten, Shimon Peres, Benjamin Netanyahu som ny statsminister og spurde han om å lage ei ny koalisjonsregjering, etter at det ikkje var nokon klar siger i valet. Netanyahu etterfølgde Olmert 31. mars 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]