Ekströmisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°S 8°W
Ekströmisen
isbrem
none  Kanten av Ekströmisen
Kanten av Ekströmisen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°S 8°W
Areal 8 700 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Ekströmisen is located in Antarktis
Ekströmisen (Antarktis)

Ekströmisen er ein isbrem som ligg mellom Søråsen og Halvfarryggen ved Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land. Han vart først kartlagt av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–1952), og kalla opp etter Bertil Ekström, ein svensk mekanikar på NBSAE, som drunka då weaselen han køyrte hamna over kanten av Quarisen den 24. februar 1951,[1]

Isbremmen dekkjer eit område på 8 700 km2. Han er 160 meter tjukk ved kanten og stig 15 meter opp av sjøen. Den tyske Neumayer-stasjon III ligg nordaust ved Atkabukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ekström Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).