Isbrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rossisen ved Bay of Whales, der Roald Amundsen byrja ferda si til Sørpolen.
Foto: Michael Van Woert, 1998

Isbrem (etter engelsk språkpåverknad òg kalla shelf-is eller is-shelf) er eit tjukt lag med is som strøymer frå land og strekkjer seg ut i sjøen over kontinentalsokkelen. Isen kan vere opp i mot 800 meter tjukk og skapar ein vegg, ein isbarriere eller isfront, på opptil 50 meter mot sjøen.

Dei største isbremmane i Antarktis.

Foto: National Snow and Ice Data Center

Dei fleste isbremmane finn ein i Antarktis, der omtrent 10 % av tørre landområde er isbremmar. Mindre isbremmar finst òg i Canada og rundt Grønland. Rossisen i Antarktis er den største isbremmen på jorda.

Kanten av Filchnerisen i Weddellhavet.
Foto: Hannes Grobe/AWI

Ferskt smeltevatn på undersida av isbremmane er viktig for havsirku­lasjonen og isdekket rundt Antarktis. Vatnet som renn ut i havet dannar eit overflatelag med ferskt og kaldt vann. I overflatelaget blir det danna sjøis.[1] Stundom bryt større og mindre delar av isbremmen laus og driv til havs som flate, tavleforma isfjell.

På grunn av global oppvarming er det dei seinare åra registrert at fleire isbremmar har minska i omfang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isbrem

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Polarinstitutt om isbremmar i Dronning Maud Land