El Puerto de Santa María

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
El Puerto de Santa María
Flagget til El Puerto de Santa María Byvåpenet til El Puerto de Santa María
Flagget til El Puerto de Santa María Byvåpenet til El Puerto de Santa María
Kallenamn
«'La ciudad de los 100 palacios (Byen med dei 100 palassa)»
Plassering
El Puerto de Santa María is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Borgarmeister Enrique Moresco
Geografi
Flatevidd
 - By

1 600 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

86 288
  53,9 /km²
Koordinatar 36°35′″N 6°14′″WKoordinatar: 36°35′″N 6°14′″W
Høgd over havet 6 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 11500
Telefon-retningsnummer +34 956
Nettstad: www.elpuertosm.es

El Puerto de Santa María (spansk for «Hamna til Jomfru Maria», lokalt berre kalla El Puerto) er ein by ved elva Guadalete i provinsen Cádiz i Spania. Byen har kring 85 000 innbyggjarar.

Byen ligg 10 km nordaust for Cadiz tvers over Cadizbukta og er mest kjend for ferja El Vaporcito som har vore i drift i snart sidan 1930-åra og som fører passasjerar frå Cadiz til El Puerto.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei segn i Odysseen til Homer, rømde grekaren Menestheus etter den trojanske krigen med troppane sine gjennom Gibraltarsundet og nådde elva Guadalete. Her slo dei seg ned og kalla staden Menestheus-hamna.

I 711 kom dei arabiske maurarane frå Nord-Afrika og invaderte Sør-Spania. Dei kalla staden Alcante eller Alcanatif, som tyder «Salthamna», på grunn av den gamle saltindustrien til fønikarane og romarane.

I 1260 vart byen erobra av Alfonso X av Castilla og han kalla byen Santa María del Puerto. Han organiserte landfordelinga og gav byen byrettar under Krona Castilla. I hans Cantigas de Santa Maria CSM 367, syng Alfonso at han på mirakuløst vis vart helbreda frå oppsvulma føter etter å ha vitja kyrkja Santa Maria do Porto.

Kartet til De la Cosa.

Den andre ekspedisjonen til Kristoffer Columbus sette seg frå El Puerto de Santa María. Rormannen hans, Juan de la Cosa teikna verdskartet sitt (det første som inneheldt kysten av Den nye verda) i El Puerto i 1500.

Columbus vitja El Puerto i 1480 og fekk oppmuntring for reiseplanane sine. El Puerto var heimstad for fleire rike cargadores, handelsmenn som handla for Spania med Amerika. På 1500- og 1600-talet låg dei kongelege galeiane i vinteropplag her.

På 1800-talet vart byen hovudkvarter for den franske armeen under den spanske sjølvstendekrigen under Jose Bonaparte (1801-1812).

Byen har i dag mange historiske bygg og monument.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: El Puerto de Santa María

Kjelder[endre | endre wikiteksten]