Elche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elche
Altamira-borga i Elche
Altamira-borga i Elche
Flagget til Elche Byvåpenet til Elche
Flagget til Elche Byvåpenet til Elche


Plassering
Elche is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Valencia
Provins Alicante
Borgarmeister Alejandro Soler Mur
Geografi
Flatevidd
 - By

326,07 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

228 348
  700,3 /km²
Koordinatar 38°16′″N 0°41′″WKoordinatar: 38°16′″N 0°41′″W
Høgd over havet 86 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 03201 - 03206
Nettstad: www.elx.es

Elche (spansk, Elxvalenciansk) er ein by i provinsen Alicante i regionen Valencia i Spania. Byen har kring 230 0000 innbyggjarar.[1] og er den tredje største byen i Valencia og den 20. største i Spania.

Delar av kommunen Elche ligg ved kysten, men sjølve byen ligg 15 km frå Middelhavet. Den vesle elva Vinalopó renn gjennom byen og deler han i to.

Historie[endre | endre wikiteksten]

La Alcudia ligg 10 km frå der Elche ligg i dag og var ein forgjengar for Elche. Denne staden var busett av iberarar og så okkupert av kartagarar og romarane. Romarane kalla byen Ilici og gav han status som colonia. Etter ei kort stund under Austeromarriket tok gotarane over og skipa eit bispesete her.

Elche vart mindre viktig i perioden under maurarane då han vart flytta noko lenger nord enn dagens plassering. Jakob II av Aragon tok byen frå maurarane på 1200-talet under Reconquista. Byen voks gjennom 1700-talet og vart viktig på 1800-talet då jernbanen vart lagt hit og den industrielle utviklinga skaut fart.

Det finst mange arkeologiske spor i Elche, mellom ein steinbyste av Frua av Elche (Dama de Elche/Dama d'Elx) som den viktigaste. Denne er datert til den iberiske perioden (300-talet fvt.). Originalen står i dag på Det nasjonale arkeologimuseumet i Spania.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elche

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]