Iberarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etnologi på Den iberiske halvøya ca. 200 f.Kr., basert på kart av den portugisiske arkeologen Luís Fraga.

Iberarar (latin hibērī, frå gresk Ιβηρία) var ei rekke folkeslag som greske og romerske kjelder, mellom anna Hekataios av Miletos, Avienus, Herodot og Strabon, identifiserte med dette namnet for dei austlege og sørlege kystane av Den iberiske halvøya, i det minste frå 500-talet f.Kr. Dei romerske kjeldene nytta òg nemninga hispani for å visa til iberarane.

Nemninga iberarar, som nytta av antikke forfattarar, hadde to særskilde tydingar. Den eine, meir generelt, refererte til alle folk og bebuarar på Den iberiske halvøya utan omsyn til etnisk tilhøyre (urindoeuropearar, keltarar og ikkje-keltiske indoeuropearar, som eksempelvis lusitanarar). Den andre, meir avgrensa i etnisk tyding, viste til folka som budde ved dei austlege og sørlege kystane av Den iberiske halvøya og som på 500-talet f.Kr. var blitt prega av kulturell innverknad frå fyrst fønikarar og deretter av grekarar.[1] Desse ikkje-europeiske kulturfolka snakka eit no utdøydd iberisk språk som er dokumentert frå rundt 600- til 100-talet e.Kr. Andre nærskylde folk som blei omtalt som iberarar var turdetanarar, etterkommarar av Tartessoskultur frå bronsealderen; vaskonarar og dei indoeuropeiske lusitanarane. Resten av halvøya verker å ha vore folkesett av keltiske eller keltiberiske folk.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Frua av Elx, 300-talet f.Kr., polykrom steinbyste frå L'Alcúdia i Alicante.

Det er ikkje klart kva som er opphavet til iberarane, men ein går ut frå at dei kom til Spania i den neolittiske perioden (bondesteinalderen), kanskje ein gong så tidleg som 4000 f.Kr. Stadnamn tyder på at det blei tala eit indoeuropeisk språk i regionen før iberarane, slik at iberisk språk synest å ha kome ein gong etter koparalderen og kanskje samtidig med den argariske kulturen (med nam etter den arkeologiske staden El Argar).[2] Denne kulturen var ein tidleg bronsealderkultur med teknologi til å omarbeida ei rekke metall, var hierarkisk organisert, hadde slavar og skapte framifrå keramikk som var einsarta over ei rekke busetjingar.[3] Den argariske kulturen forsvann ein gong rundt 1600 f.Kr. Oldtids-DNA frå El Puig de la Naud og andre iberiske stader i Valencia, Castellon og Catalonia har gitt ei rekke av mtDNA-haplogrupper som er for vidtrekkande til at ein kan dra klare konklusjonar, og kan ha kome nær kvar som helst frå etter neolittisk tid, men også langt aust i Middelhavet, som frå Midtausten.[4][5] Dagens geninformasjon er overveldande middelhavs, men det genetiske landskapet på halvøya har endra seg svært mykje i løpet av dei siste 5000 åra. Det kan ikkje avvisast at nordafrikanske jegerar og samlarar kryssa Gibraltarsundet i båtar og busette seg frå sør medan nord- og sentraleuropeiske sankarar spreidde seg inn i nordlege Spania. Sjølv neolittiske bønder synest å ha komme frå to ulike kjelder. Frå svært tidleg av verker Spania å vera delt genetisk mellom nord og sør, og vest og aust, og blei fyrst genetisk sameint ved Reconquista.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Iberiske samfunn[endre | endre wikiteksten]

Iberia under andre punarkrigen, kartagiske (gul) og romerske (raud) område, og allierte.

Iberarane budde i landsbyar og oppida (befesta busetnader), og samfunna deira var basert på organisering i stammar. Iberarane i Catalonia, den spanske Levanten (den spanske austkysten) og i den store elvedalen Baetis (dagens Guadalquivir) var meir urbaniserte enn naboane sine i sentrale og nordvestlege regionar på Den iberiske halvøya. Folka i dei sentrale og nordvestlege regionane var hovudsakleg keltiske, delvis pastorale og budde i spreidde landsbyar, men hadde òg nokre få befesta byar som Numantia.[7]

Dei hadde kunnskap om skriftsystem, metallarbeid, inkludert bronse, og jordbruk. I hundreåra før erobringa til kartagarane og romarane voks dei iberiske busetjingane i samfunnsmessig kompleksitet, noko som er påvist ved samfunnsmessige lagdeling or urbanisering. Denne prosessen var truleg påskynda av handelskontaktar med fønikarar, grekarar og kartagarar. Greske busetjingar gjorde dei fyrste historiske referansane til iberarar på 500-talet f.Kr. Dei definerte iberarane som ikkje-keltiske folk sør for elva Ebro. Grekarane omtalte òg eit anna folk som iberarar, eit folk i regionen Kaukasia, no kjend som kaukasiske iberarar. Det er ikkje kjent om desse folka hadde noko som helst samband med kvarandre.

Fønikisk votivstatue av Melqart-Herakles frå Gadir (Cádiz).

Iberarane hadde omfattande handel med andre middelhavskulturar. Iberisk keramikk og metallarbeid blei spreidd til Frankrike, Italia og nordlege Afrika. Dei hadde omfattande kontakt med greske busetjingane i Spania: Emporion, Rhode, Zakynthos og Hemeroskopeion. Iberarane kan ha teke til seg ein del greske kunstnariske teknikkar. Statuar som Frua av Baza og Frua av Elx går ein ut frå blei framstilte av iberarar som var godt kjende med gresk kunst. Den greske hærføraren og historikaren Thukydides uttalte at ein av tre opphavlege stammar på Sicilia, sikanarane, var av iberisk opphav. Det er mogleg at grekarane nytta «iberisk» i svært brei tyding og at det òg omfatta gallarar.[8]

Iberarane hadde òg kontakt med fønikarane, som grunnla handelspostar framfor koloniar i sørlege Andalucía. Fønikarane blei tiltrekte av metallførekomstar, særleg av sølv. Den første busetjinga deira blei oppretta så tidleg som 800 f.Kr. og blei opphavleg kalla for Gadir. Seinare forvanska romarane dette namnet til Gades, og det spanske namnet i dag er Cádiz. Andre fønikiske handelsstasjonar i sørlege Iberia var Malaka (Málaga), Sexi og Abdera.

Fønikarane oppretta Gadir på ei øy rett utanfor kysten. Ei forklaring av grunnlegginga er gjeven i Strabons Geografika, der eit orakel hadde dirigert skip frå byen Tyr i Fønikia til å oppretta ein stasjon ved Herkulessøylene. Fyrst ved tredje forsøk segla fønikarane gjennom Gibraltarsundet og oppretta ei busetjing på øya Erytheia ved utløpet av elva Guadalete, der det var lett å forsvara seg. Strabon antydar at valet for ein stad var eit resultat av fleire forsøk, noko som kan tyda på fleire tiår, kanskje eit hundreår med undersøkingar og utforsking. Sidan busetjinga ikkje gjorde territoriale krav på innlandet var fønikarane ikkje ein trussel mot lokalbefolkninga, iberarane. Det var òg eit godt val for handel med fastlandet med tilgang til elvane Guadalete og Guadalquivir.[9]

Iberarane fekk ei bløming frå handelen med fønikarane. I området som i antikken var kjent som Contestania, mellom elvane Júcar og Segura, blei leiarane rike gjennom å kontrollera handelen med fønikarane og seinare grekarane. Rikdom førte til at ein elite, eit aristokrati, danna seg, samfunnet blei lagdelt, og som bygde befesta maktsenter som kontrollerte landsbruksområda rundt. Innanfor murane kunne handelsmenn og handverkarar driva verksemda si i tryggleik. Blant handverksindustrien var produksjon av keramiske vasar ved hjelp av keramikkhjul.[10]

Andre punarkrig og romersk erobring[endre | endre wikiteksten]

Grensene mellom Roma og Kartago, før krigsutbrotet i 218 f.Kr.

Etter den fyrste punarkrigen førte den enorme krigsgjelda som Kartago hadde skaffa til at dei freista å utvida kontrollen sin over Den iberiske halvøya. Hamilcar Barca byrja den kartagiske erobringa frå basen sin ved Gadir ved å erobra heile regionen Tartessos og elvedalen kring Guadalquivir, som var rik på sølv. Etter at han døydde fortsette sonen hans Hasdrubal Barca erobringskrigen inn i Iberia og oppretta kolonien Qart Hadasht (dagens Cartagena). Han utvida kontrollen sin over heile strekninga langs den sørlege breidda av elva Ebro. Etter at han blei drepen i 221 f.Kr. overtok broren hans Hannibal kommandoen over dei kartagiske styrkane, og brukte to år på å fullføra erobringa av iberarane sør for Ebro.[11] I det første angrepet hans overvann Hannibal iberiske stammar som olkadane, vakkaiarane og karpetanarane, og utvida kontrollen til kartagarane over regionen langs elva Tagus (dagens Tajo).[12] Hannibal omleira deretter den romerske allierte byen Saguntum (dagens Sagunt). Dette var ei krigserklæring som førte til utbrotet av den andre punarkrigen. Den iberiske halvøya blei krigsskodeplass for denne krigen, og mange iberiske og keltiberiske krigarar kjempa både for Roma og for Kartago. Dei fleste stadeigne stammane skal likevel ha alliert seg med kartagarane.

Roma sende Gnaeus og Publius Cornelius Scipio for å erobra Iberia frå Kartago. Nord for Ebro overvann Gnaeus den iberiske stammen ilergetane, som var alliert med Kartago, erobra den iberiske oppidumen Tarraco og overvann den kartagiske flåten. Etter at Publius Scipio kom til landet blei Tarraco befesta. I 211 f.Kr. blei brørne overfalne av kartagiske og allierte styrkar sør for Ebro. Under dette angrepet blei Publius Scipio drepen, og Gnaeus døydde under tilbaketrekkinga. Krigen endra seg då Scipio Africanus kom til i 210 f.Kr. Han angreip og erobra Kartago Nova (Cartagena) og overvann hæren til Hasdrubal Barca i slaget ved Baecula i 208 f.Kr. Krigen trekte ut då Kartago sende forsterkingar fram til slaget ved Ilipa i 206 f.Kr., der romarane vann ein avgjerande siger. Kartagarane trekte seg tilbake til Gadir og Scipio Africanus skaffa seg kontroll over det meste av den sørlege delen av Iberia. Etter denne romerske sigeren gjorde ilergetarane og andre iberiske stammar opprør, og det var berre etter at opprøret var slått ned at romarane kunne erobra resten av dei kartagiske områda i sør.

Etter den romerske erobringa blei Iberia delt i to store provinsar, Hispania Ulterior og Hispania Citerior. I 197 f.Kr. gjekk dei iberiske stammane til opprør igjen i Hispania Citerior. Etter å ha knust opprøret og sikra regionen, invaderte romarane og erobra Lusitania og Keltiberia. Romarane kjempa ein lang krig for å erobra Lusitania. Krig og militære kampanjar heldt fram i dei nordlege regionane av Den iberiske halvøya fram til 16 f.Kr., då dei siste opprøra i dei kantabrianske krigane (Bellum Cantabricum) blei avslutta.[13]

Iberisk kultur[endre | endre wikiteksten]

Ryttar avbilda på iberisk keramikk, Alicante.

Det iberiske samfunnet var delt inn i ulike samfunnsklassar, med kongar eller høvdingar (latin regulus), adelege, prestar, kunsthandverkarar og slavar. Det iberiske aristokratiet, som ofte blei kalla for «senatet» av antikke kjelder, kom saman i eit eige råd. Kongane eller høvdingane heldt hærane sine av krigarar gjennom eit system av forpliktingar som romarane kalla for fides.[14] Medan kulturen deira på austkysten av Iberia var påverka av fønikarar og grekarar frå 600-talet f.Kr., var dei innfødde i dei nordlege områda (Aragón og Castilla) kantiberarar som også var prega av keltisk innverknad frå nord i Gallia.

Dei vindrikkende grekarane som møtte iberarane merka seg den måtehaldne vassdrikkinga deira, men kontakten med grekarane gav iberarane snart smaken for vin, og det verker som om det var fønikarane som førte med seg vinkulturen som gjorde dei i stand til å produsera sin eigen vin. I tillegg fekk dei oliven. I romersk tid blei det eksportert både vin og oliven frå Iberia.[15] Som for adelen i det antikke Hellas var hesteavl viktig for det iberiske aristokratiet. Gruvedrift blei viktig for økonomien etter at fønikarane grunnla handelspostane sine på den sørlege delen av halvøya. Både grekarane og fønikarane var tiltrekte av førekomstane på metall, særleg tinn og sølv, men også kopar, jern og gull.[10] Dei produserte òg sjølv metallarbeid og jernvåpen av høg kvalitet, som eit sverd av typen falcata.

Kunst og religion[endre | endre wikiteksten]

Herren av hestane, Villaricos (Almeria), ved Museu d'Arqueologia de Catalunya i Barcelona.

Iberarane framstilte skulptur i stein og bronse. Det meste av desse viste tydeleg påverknad frå grekarane og fønikarane. Iberiske skulpturstilar er inndelt geografisk i austlege, sentrale, sørlege og vestlege grupper. Særleg den austlege, hovudområdet til iberarane, viser hovudsakleg gresk innverknad. Iberisk keramikk og måleri var òg særmerkt og utstrekt over heile regionen.

Iberisk religion var polyteistisk (ei tru på fleire gudar), og var påverka av den religiøse praksisen til fønikarane og grekarane, noko ein òg ser i skulpturkunsten deira. Menneskeoksen Bicha frå Balazote, kanskje ein fruktbarheitsguddom, og ulike avbildingar av sfinksar og løver har likskapar med mytologiske vesen frå den austlege delen av Middelhavet. Frua frå Elche og Frua frå Guardamar viser ein tydeleg gresk påverknad. Fønikiske guddommar som Tanit, Baal, Melqart og greske guddommar som Artemis, Demeter og Asklepios var kjende i regionen og blei dyrka på lik linje med eigne guddommar. Ein kjenner til få stadeigne guddommar, men ein heilande orakelguddom, Betatun, er kjend frå ein latinsk inskripsjon ved Fuertes del Rey.[16] Det verker å ha vore ein viktig kvinneleg guddom knytt til jorda og gjenføding som avbilda i Frua av Baza, og knytt til fuglar, blomar og kveite.[16] Hestar var òg viktige religiøse figurar, og ein viktig heilagdom vigd hestar er blitt funnen ved Mula (Murcia). Det er mange avbildingar av ein «hestetemmande gud» eller «herren av hestane» (despotes hippon). Gudinna Ataegina er òg omfattande vist til i inskripsjonar.

Moderne rekonstruksjon av ein iberisk krigar med falcata.

Iberarar utførte rituala sine under open himmel, men hadde òg heilagdommar ved særskilde stader som skoglundar, vasskjelder og grotter.[17] Arkeologiske funn tydar på at det eksisterte ein eigen presteklasse, og Silius Italicus, ein romersk advokat, politikar og poet, nemner prestar i regionen Tartessos ved eit tempel for Melqart. Leivningar frå potteskår og keramikk avslører ein del informasjon om iberiske mytar og ritual. Vanlege tema er høgtidelege danseritual, noko Strabon òg har omtalt. Dei er viste i eit relieff frå Fuerte del Rey kjent som «Bastetania-dansen», og konfrontasjonen mellom ein avdød og einulvefigur.[18][16] Rituelle ofringar var vanlege og kjeldene, som Titus Livius, nemner òg tilfelle av menneskeofringar blant lusitanarar, sjølv om ein går ut frå at dette var uvanleg.[19][20]

Iberarane dreiv likbrenning av dei avdøde og plasserte oska i seremonielle urner. Desse blei sette i steingraver.

Krigføring[endre | endre wikiteksten]

Iberiske krigarar lét seg i stor grad hyra av både Kartago og Roma som leigesoldatar og hjelpetroppar. Ein stor del av dei kartagiske styrkane under punarkrigane bestod av iberiske og keltiberiske krigarar. Iberarane si eiga krigføring var basert på angrep og plyndring mellom stammane. I direkte kamp var iberarane kjende for å angripa og så trekka seg tilbake medan dei kasta spyd medan dei ropte og skreik mot fiendane sine, men utan å faktisk gå i direkte konfrontasjon. Denne forma for krigføring, å hasta fram og så tilbake, omtalte romarane som concursare.[14][21] Iberarane var elles særskilt dyktige i raske overfall og geriljataktikk. I dei iberiske opprøra som følgde den romerske erobringa av Iberia påførte iberarane stadige skadar på romerske soldatar gjennom dei mange overfalla sine.

Dei antikke kjeldene nemner to typar iberisk infanteri, scutati og caetrati. Førstnemnde var tungt pansra og bar store skjold av keltisk type. Den andre typen, caetrati, bar caetra, ein lite, rundt iberisk skjold.[14] Væpninga deira bestod av det berømte gladius hispaniensis, ein type iberisk langsverd som romarane tok til seg frå 200-talet f.Kr., eit kurva sverd kalla for falcata, spyd til å stikka med, kastespyd og jernspyd som dei kalla for saunion, men som var meir kjende under det latinske namnet soliferrum. Iberiske kavaleri var eit viktig element i dei iberiske styrkane på same måte som i dei kartagiske. Iberia hadde overflod av ville hestar av høg kvalitet, og iberiske ryttarar hadde godt omdømme langs Middelhavet.

Iberisk språk[endre | endre wikiteksten]

Paleohispaniske språk ifølgje inskripsjonar (unntatt aquitansk).

Iberisk døydde som resten av dei paleohispaniske språka ut ein gong rundt 100-talet, etter å ha blitt gradvis erstatta av latin. Iberisk verker å ha vore ei form for ubestemt ikkje-indoeuropeisk språk. Ei undersøking frå 1978 hevda at det var fleire likskapar mellom iberisk og messapisk (eit innfødt språk snakka i sørlege Italia).[22] Iberisk deler òg ein del element med baskisk, som også er eit ikkje-indoeuropeisk språk.[23] Det er mogleg at det var ein fjern slektning, men ikkje nært nok til at baskisk kan nyttast som hjelp i omsetjingar av iberisk. Alternativt kan likskapane ha skjedd grunna kontakt mellom folka.[2] Ein studie av J. Alonso Garcia (1996) fremma teorien om at iberisk og baskisk er nærskylde språk og at tartessisk og iberisk var eitt språk som kan kallast for «iberisk-tartessisk».[24]

Iberisk skrift[endre | endre wikiteksten]

Blyplate frå den historiske landsbyen Ullastret med det nordaustlege dualistiske skriftsystemet.

Iberarane kjende til skriftsystem for å skriva og lesa iberisk, og dei eldste iberiske inskripsjonane er daterte til 300-talet f.Kr., eller kanskje heilt tilbake til 400-talet f.Kr.. Skrifta blei nytta fram til språket døydde ut på byrjinga av 100-talet e.Kr. Det var to hovudgrafiske som geografiske variantar av skriftsystemet: eit nordaustleg iberisk alfabet og eit søraustleg iberisk alfabet. Førstnemnde kan delast inni to: ein dualistisk variant (ca. mellom 300- og 200-talet f.Kr.), og ein ikkje-dualistisk variant (100-talet f.Kr. og 100-talet e.Kr.). I tillegg lånte iberarane frå gresk skrift som dei gjorde til sitt eige i eit tredje skriftsystem kalla for gresk-iberisk skrift. Det var ei direkte tilpassing av den joniske varianten av det greske alfabetet. Som eit alfabet mangla såleis dei særskilde trekka til resten av dei paleohispaniske skriftsystema som hadde teikn med syllabiske verdiar.[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harrison, Richard J. (1988): Spain at the Dawn of History: Iberians, Phoenicians and Greeks, Thames & Hudson.
  2. 2,0 2,1 Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 183
  3. History of Cartagena, Part 1 Prehistory to the Argaric culture
  4. Poblet Iberic del Puig de la Nau (CAT) Arkivert 2015-11-21 ved Wayback Machine., EXARC
  5. Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 184
  6. «Genetic history of the Spaniards and the Portuguese», Eupedia
  7. Richardson, J. S. (2004): Hispaniae; Spain and the Development of Roman Imperialism, 218-82 BC, Cambridge University Press, s. 16.
  8. «Sicilian Peoples: The Sicanians». Best of Sicily. 7. oktober 2007.
  9. Cunliffe, Barry (2011): Europe Between the Oceans. 9000 BC-AD 1000, Yale University Press, s. 289-291
  10. 10,0 10,1 Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 182
  11. Dodge, Theodore Ayrault (2012): Hannibal: A History of the Art of War Among the Carthaginians and Romans Down to the Battle of Pydna, 168 B.C., Tales End Press, s. 143 Arkivert 2016-06-11 ved Wayback Machine.
  12. Hoyos, D. (2003): Hannibal's Dynasty: Power and Politics in the Western Mediterranean, 247-183 BC, s. 89-91
  13. Guerras Cantabras, spansk nettsted dedikert de kantabrianske krigene
  14. 14,0 14,1 14,2 Martinez, Rafael Treviño (1992): Rome's Enemies (4) : Spanish Armies 218-19 BC, bokserien Men at Arms, Osprey Publishing, s. 180
  15. Manco, Jean (2013): Ancestral Journey, Thames & Hudson, s. 183-184
  16. 16,0 16,1 16,2 Christensen, Lisbeth Bredholt et al. (2014): The Handbook of Religions in Ancient Europe, Routledge (PDF)
  17. La religiosidad entre los iberos
  18. Strabon, 3.3.7.
  19. Simón, Francisco Marco (2005): Religion and Religious Practices of the Ancient Celts of the Iberian Peninsula Arkivert 2015-11-13 ved Wayback Machine., e-Keltoi 6, s. 287-345
  20. Wheeler, Douglas L.; Opello, Walter C. (2010): Historical Dictionary of Portugal, Scarecrow Press, s. 176
  21. concursare, Wiktionary
  22. Anderson, James M. (januar 1978): «On the decipherment of ancient Iberian» i: Neophilologus 62 (1), s. 80-85
  23. Hualde, José Ignacio; Lakarra, Joseba A. (1996): Towards a History of the Basque Language, John Benjamins Publishing Company, s. 55.
  24. Alonso-García, J. et al. (2000): «Deciphering the Iberian-Tartesian Language» (sammendrag) i: Prehistoric Iberia, Springer Science & Business Media, ISBN 978-1-4613-6900-4, s. 165-195
  25. Ancient Scripts – Iberia, arkivert frå originalen 9. desember 2004, henta 27. august 2022 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Beltrán, Miguel (1996): Los iberos ein Aragón, Zaragoza.
  • Ruiz, Arturo; Molinos, Manuel (1993): Los iberos, Barcelona.
  • Sanmartí, Joan; Santacana, Joan (2005): Els ibers del nord, Barcelona.
  • Sanmartí, Joan (2005): «La conformación del mundo ibérico septentrional» i: Palaeohispanica 5, s. 333–358.