Provinsen Alicante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Localización provincia de Alicante.png

Alicante (valenciansk Alacant) er ein provins aust i Spania i den sørlege delen av Regionen Valencia. Han grensar til provinsane Murcia i sørvest, Albacete i vest, Valencia i nord og Middelhavet i aust. Provinsen er kalla opp etter hovudstaden, byen Alicante.

I 2008 var Alicante den fjerde mest folkerike provinsen i Spania med nesten 1,9 millionar innbyggjarar. Av byar med meir enn 50 000 innbyggjarar finn ein Alicante (331 750 innbyggjarar), Elche (228 348), Torrevieja (101 381), Orihuela (84 626), Benidorm (70 280), Alcoy (61 698), Elda (55, 74) og San Vicente del Raspeig (51 507).[1]

Alicante har flest utlendingar i forhold til folketalet enn nokon andre av dei spanske provinsane. Utlendingane utgjer 23,6 % av det totale folketalet.[2] Av 141 kommunar i provinsen er finst det 25 % utlendingar i 54 av dei, og over 50 % i 19 kommunar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Relación de unidades poblacionales Instituto Nacional de Estadística
  2. 2,0 2,1 Uno de cada cuatro vecinos es extranjero en el 40% de los municipios alicantinos May 16, 2009. Diario Información

Koordinatar: 38°30′N 0°30′W