Eleftherios Petrounias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eleftherios Petrounias


Statsborgarskap Hellas
Fødd 30. november 1990 (33 år)
Aten
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommar-OL 2016, Turn under Sommer-OL 2016 – Ringer menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Ringer menn

Eleftherios Petrounias (fødd 30. november 1990) er ein gresk turnar frå Aten. Han er spesialist i ringar og har vunne seks EM-gull, tre VM-gull og eitt OL-gull i øvinga.

Petrounias la beslag på bronseplassen i ringar ved Turn-EM 2011. Frå 2015 var han den klare einaren i ringar innom turnsporten. Han vann øvinga både i europameisterskapen og verdsmeisterskapen 2015, året etter forsvarte han EM-tittelen, før han under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro sigra med god margin til dei andre medaljørane. Åra 2017 og 2018 vann han gullmedaljen i ringar i så vel europameisterskapane som verdsmeisterskapane.

I 2021 kom Petrounias tilbake i verdstoppen i ringar. Seint i april vart han europameister i Basel, drygt tre månader seinare vann han bronsemedaljen under dei olympiske leikane i Tokyo. Ved EM 2022 i München vart han den fyrste turnaren med seks EM-gullmedaljar. År 2023 fekk han bronse i ringar ved EM i Antalya, og sølv i øvinga ved Turn-VM 2023 i Antwerpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]