Antalya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antalya
by
Yivli Minare er eit symbol på byen
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Antalya
Høgd 30 moh.
Koordinatar 36°54′N 30°41′E
Areal 1 417 km²
Folketal 994 890 [1]
 - storby 1 041 972
Folketettleik 702 / km²
Borgarmeister Muhittin Böcek
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 07x xx
Retningsnummer 0242
Kart
Antalya
36°54′29″ N 30°41′44″ E
Wikimedia Commons: Antalya
Nettstad: http://www.antalya.bel.tr

Antalya er ein by ved kysten av Middelhavet sørvest i Tyrkia. Han var den tredje mest vitja byen av utlendingar i verda i 2011, føre New York, og er den største internasjonale feriebyen i Tyrkia. Byen har tett opp under ein million innbyggjarar, men byen kan romme opp til to millionar menneske i den hektiske turistsesongen om sommaren. Byen er plassert i ei bratt klippe, omgjeve av fjell, skogar, Middelhavet og mange antikke ruinar, og har eit anerkjent arkeologisk museum. Utviklinga av turistindustrien, som starta i 1970-åra, har omvandla byen til eit internasjonalt rekreasjonssenter. Flyplassen til byen og den sentrale plasseringa har gjort han til inngangsporten til den tyrkiske rivieraen, og blir ofte omtalt som hovudstaden for turisme i Tyrkia.

Den rustikke gamlebyen Kaleici har mange verna historiske hus, både tyrkiske og greske. Dette er den mest populære bydelen i Antalya, med sine tronge, brulagde gater og gamle hus som no er hotell og turistretta butikkar. Spor av lykisk, gresk, romersk, bysantinsk, seldsjukisk og osmansk arkitektur og kultur kan enno sjåast. Dessutan husar Antalya museum mange funn frå historia til Anatolia.

Konyaalti- og Larastrendene i Antalya er kjent for å ha det reinaste vatnet i heile Middelhavet.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

På 100-talet f.Kr beordra kong Attalos II av Pergamon undersåttane sine å finne «Himmelen på jorda». Etter ei lang leiting, oppdaga dei dette området og erklærte at «dette må vere Himmelen», og kong Attalos grunnla byen og gav han namnet Attaleia (gresk: Αττάλεια) som seinare vart Adalia og deretter Antalya.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hadrianporten

I Karaingrotta, 30 km nord for Antalya, er det funne spor av busetjing frå tidleg paleolittisk tid (150 000-200 000 år sidan).[3] Andre funn, både frå neolittisk tid og frå nyare periodar, viser at området har vore folkesett av mange ulike sivilisasjonar opp gjennom tidene.

Skrifter frå hettittisk tid viser til området som ein del av «Lukkalanda» (som er opphavet til namnet «Lykia») og dokumenterer det livlege samkvemmet mellom provinsane i det andre tusenåret før vår tidsrekning. Som sine etterkomarar var folka i Lukka, eller Lykia, kjent som dugelege sjøfararar (spesielt som piratar) og viste eit gloande uavhengig sinnelag. Korkje hettittane eller kongedømmet Arzawa på vestkysten kunne halde dei i ro særleg lenge.

Historiske dokument viser korleis byane utvikla seg uavhengig, korleis området som heilskap vart kalla Pamfylia og korleis det i klassisk tid vart danna ein føderasjon av bystatar i provinsen. Det er òg historier om innvandringa av Akha-klanen til området etter Trojanarkrigen.

Området var underlagt kongedømmet Lydia frå 600-talet f.kr. Herredømet Lydia i Vest-Anatolia tok slutt då dei tapte mot persarane i slaget ved Sardis i 546 fvt. Styret til persarane vart stoppa av den makedonske hærføraren Aleksander den store som rundt 334 fvt. erobra byane i området ein etter ein – unntatt Termessos og Sillyon som klarte å slå tilbake armeane hans i 333 f.Kr. Etter Alexander døydde i 323 f.Kr. følgde ein periode med strid som varte til 188 f.Kr.

Antalya by

Etter nederlaget til selevkidane ved Apamea byrja herredømet til kongedømet Pergamon. I 150 f.Kr. grunnla kong Attalos II av Pergamon byen Attalia (dagens Antalya) som base for den mektige flåten sin. Då Attalos III, siste kongen av Pergamon, døydde i 133 f.Kr. overlét han kongedømet til romarane. Etter det starta ein epoke i regionen der piratane og dei små byane til piratane spelte ei viktig rolle. Kristendommen byrja å bli utbreidd i området etter det 100-talet. Medan Antalya var under bysantinsk overhøgd hadde byen ei viktig utvikling, fram til 400- og 500-talet, då Antalya hadde spreidd seg utanfor bymurane. Frå 600-talet av byrja muslimske arabarar å bli dominerande i regionen. Hæren til Ludvig VII sigla dit med kurs for Syria i 1148, og flåten til Rikard Løvehjarte av England samla seg der før erobringa av Kypros. Mellom åra 1120 og 1206 var Antalya igjen under bysantinsk herredømme. Antalya spelte ei viktig rolle i mellomalderhistoria til Levanten. Kilij Arslan hadde eit palass der.

Med erobringa til dei seldsjukkiske tyrkarane av Konya i 1207 og deretter Alanya i 1220 var det slutten på det bysantinske herredømmet for siste gongen. Antalya vart hovudstad i provinsen Tekke, som etter fallet til seldsjukkane passerte gjennom mange hender, inkludert Venezia og Genova, før den endelege okkupasjonen av dei osmanske tyrkarane under Murad II i 1432.

Hıdırlık-tårna, bygde på 200-talet e.Kr.

Den arabiske oppdagaren Ibn Battuta som vitja byen mellom 1335 og 1340 skreiv:

Frå Alaya drog eg til Antaliya [Adalia], ein særs ven by. Han dekker eit veldig område, men er trass storleiken sin ein av dei mest tiltrekkande byane ein kan sjå noko stad, omfram at han er overmåte folkerik og godt planlagt. Kvar seksjon av innbyggjarane bur i det separate kvarteret sitt. Dei kristne handelsmennene bur i eit kvarter som blir kalla Mint [Hamna], som er omgjeve av ein mur viss portar blir lukka mot dei frå utsida om natta og under fredagsbøna. Grekarane, som var dei tidlegare innbyggjarane, bur for seg sjølv i eit anna kvarter av byen, jødane i eit anna, og kongen og hoffet hans og mamelukkar i eit anna, og kvar av desse kvartera er likeeins omslutta av murar. Resten av muslimane bur i hovudbyen. Rundt heile byen og alle kvartera som er nemnt går det endå ein stor mur. Byen rommar frukthagar som produserer utsøkte frukter, herunder ein beundringsverdig svart aprikos, som dei kallar Qamar ad-Din, og som har ein søt mandel i kjernen sin. Frukta blir tørka og eksportert til Egypt, der han blir rekna som ein stor luksus.[4]

På 1700-talet, i likskap med mesteparten av Anatolia, var byen sin faktiske herskar ein De Bey. Familien Tekke Oglu med heimstad ved Perga, fortsette, sjølv om dei vart redusert til underkasting i 1812 av Mahmud II, å vere ei rivaliserande makt til den osmanske guvernøren heilt opp til noverande generasjon, og overlevde fallet til Anatolias øvrige store Bey'er med mange år. Arkiva til det engelske The Levant Company, som hadde eit viktig kontor her til 1825, inneheld besynderleg informasjon om dei lokale De Bey'ane. Folkesetnaden i Antalya var i 1911 rundt 25 000, og inkluderte mange kristne og jødar, som i likskap med i mellomalderen budde i separate kvarter, med dei førstnemnde rundt den muromkransede minaen, eller hamna. Hamna vart berre betent av dei kystgåande dampbåtane til dei lokale selskapa. Antalya (som då heitte Adalia) var på den tida eit svært pittoresk, men dårleg bygd og tilbakeståande stad. Det viktigast å sjå på her var bymuren, der det på utsida gjekk ein god og rein promenade som har overlevt til i dag. Kontora til styresmaktene og husa til overklassa var alle på utsida av muren.[5]

Den korte okkupasjonen til italienarane av området fekk ein brå slutt etter første verdskrigen var over, i og med danninga av den tyrkiske republikken i 1923. Området er no ein provins i republikken Tyrkia.

Ein viktig historisk person som vitja Antalya var apostelen Paulus, som skildra i Apostelgjerningane (14:25-26), der Antalya blir referert til som Attalia. Paulus og St. Barnabas drog til Antalya og sigla derfrå til Antiokia etter å ha preika i regionane Pisidia og Pamfylia.

Utsikt frå Antalya vestover mot Kemer og Taurusfjella.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lara-distriktet i Antalya

Antalya har middelhavsklima. Dei milde vêrtilhøva gjer det mogleg å feriere der heile året. Einskilde dagar kan ein i Kemer oppleve fire årstider i løpet av ein dag. 300 dagar av året er solfylte. Dette gjer at Antalya er ein av få byar som nyttar seg av solenergi for bygningane til byen.

Somrane er regnfattige og varme. Om vinteren er det regnfullt og mildt. Det fell aldri snø nær kystlinja. Fjella i nord og den milde vinden frå sør gjer at temperaturen sjeldan fell under 10 °C i dette området. Med unntak av einskilde veker med mykje regn, er havstemperaturen vanlegvis alltid over 15 °C, kva for eit gjer at ein i prinsippet kan bade året rundt.

Vêrdata for Antalya (1991–2020, ekstremar 1930–2020)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 23,9 26,7 28,6 36,4 41,7 44,8 45,4 44,8 42,5 41,2 33 25,4 45,4
Gjennomsnittleg maks °C 15 15,9 18,4 21,8 26,4 31,6 34,9 34,9 31,7 27,3 21,6 16,7 24,7
Døgnmiddeltemperatur °C 9,8 10,8 13,1 16,4 20,9 25,7 28,9 29 25,6 20,9 15,3 11,4 19
Gjennomsnittleg min °C 5,9 6,5 8,3 11,3 15,7 20,1 23,4 23,7 20,1 15,9 10,7 7,5 14,1
Lågast målte °C −4,3 −4,6 −1,6 1,4 6,7 11,1 14,8 13,6 10,3 4,9 0 −1,9 −4,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 210,6 112,7 94,5 63,1 37 10,1 4 5 22 76,6 152,2 262,2 1 050
Gns. nedbørsdagar 11,5 9,6 7,6 6,43 4,97 2,13 0,67 0,6 1,93 4,87 7,07 10 67,4
Gns. luftfukt (%) 69 68 65 68 68 63 58 60 58 62 67 70 65
Gns. solskinstimar i månaden 151,9 161 201,5 231 291,4 330 344,1 325,5 273 232,5 177 145,7 2 864,6
Gns. daglege solskinstimar 4,9 5,7 6,5 7,7 9,4 11 11,1 10,5 9,1 7,5 5,9 4,7 7,8
Kjelde 1: Turkish State Meteorological Service[6]
Kjelde 2: Deutscher Wetterdienst (luftfukt 1931–1960)[7]

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Messer[endre | endre wikiteksten]

Natteliv[endre | endre wikiteksten]

Antalya i skumringa

Etter mørket pulserer Antalya med kva som unekteleg er den tyrkiske sørkysten sitt livlegaste utelivet, fokusert på eit breitt utval av klubbar og barar. Dei fleste barar gjer òg teneste som diskotek, og dei fleste hotella tilbyr variert underhaldning, vanlegvis med magedans, som òg er ope for ikkje-gjestar.

Konyaalti Beach Park og Lara Beach[endre | endre wikiteksten]

Fasilitetane ved Beach Park har mange klubber og barar. Strandklubbene som serverer om dagen blir til nattklubber etter solnedgang.

Transport[endre | endre wikiteksten]

  • Fly: Antalya Airport[3] Arkivert 2021-02-23 ved Wayback Machine. har samband til dei fleste hovudstadene i verda. Airport Service Bums opererer mellom lufthamna og bysentret.
  • Buss: Med buss er det transport til nesten kvar einaste by i Tyrkia, med avgang frå Antalya busstasjon (Otogar).
  • Ferje: Det er ferjerute frå Antalya til Venezia i verksemd. Det blir arbeidd med ein ekspansjon av ruter med hurtigferjer.

Transport innan byen[endre | endre wikiteksten]

  • Buss: Bussrutene dekker stort sett alle dele av byen.
  • Dolmus: Dolmus tyder direkte omsett «fylt opp». Dolmus er ein stor bil, ein stasjonsvogn, ein vanleg taxi eller ein minibuss som køyrer ei bestemd rute. Dei fleste stasjonane for kollektivtransport har ein dolmusstasjon, der du berre set deg inn i den dolmusen som køyrer den ynskte ruta di. Føraren vil vente til dolmusen er full før han byrjar turen. Passasjerane betalar i samsvar med avstanden dei har reist og dei kan gå av og på når dei ynskjer ved å informere sjåføren. Det er ein veldig praktisk transportmåte, og mykje billegare enn taxi. Dolmusprisene blir fastsett av kommunane.
  • Taxiar: Taxiar er talrike over heile Tyrkia og har gul farge med opplyste «taxi»-skilt på taket. Alle taxiar har taksameter og det er to ulike prisar. Frå midnatt (24:00) til morgonen (06:00) kostar det 50% meir enn prisen på dagtid.
  • Trikk: Han eine trikkelinja byrjar ved Antalya Museum, Antalya Beach Park (ved Konyaalti Beach) og hotella Sheraton Voyager og Falez i vest, og går austover langs hovedboulevarden til bysentrum ved Kalekapisi. Deretter snur han til høgre (sørover) og passerer Hadrians Port og Karaalioglu Park før han passerer luksushotellet Talya Oteli og stoppar nær Lara Plaj (Strand) i aust. Det er berre to tog. Dei går langs eit enkeltspor, og passerer kvarandre på ei kort strekning med dobbeltspor ved Kalekapisi. Begge toga har avgang kvar heile og halve timen frå endestasjonane i aust og vest, og er ved Kalekapisi mellom 10 og 15 minutt seinare. Einvegsbilletten kostar under 10 kr

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Interessante stader i Antalya by[endre | endre wikiteksten]

Yivli Minare, symbolet til byen
  • Kaleici: Dette er det historiske sentrumet til byen, som har omfamna mange sivilisasjonar opp gjennom tidene. Det er no restaurert og er vorte eit særs attraktivt turistmessig sentrum med hotella sine, barar, klubbar, restaurantar og shopping. Kaleici har halde sine original historiske karakteristikkar. Marinaen i hamna har vorte totalrestaurert. Restaureringsverksmda i Kaleici har vunne «The Golden Apple Prize», turismen sin Oscar.
  • Bymurane: Hadrianbogen og Klokketårnet er merkverdige, og stammar frå hellenistisk tid.
  • Antalya Museum[daud lenkje]: Eit prisløna museum og eit av dei viktigaste arkeologiske musé i verda. Det er òg det einaste museet i Tyrkia med ein eigen barneavdeling, som framstiller forhistoriske monument på ein måte som appellerer til born.
  • Kaleiçi Museum Arkivert 2006-08-03 ved Wayback Machine.: Opna av Forskningssenteret for Middelhavssivilisasjoner (Akdeniz Medeniyetleri Araştırma Merkezi). Eit nytt museum som allereie har ein rikhaldig samling.
  • Hadrianporten: Denne ornamentale marmorbuen vart konstruert av romarane i det andre hundreåret til ære for keisar Hadrian.
  • Kesik Minare (Den brekte minareten): Opphavleg ein bysantinsk Panaglia kyrkje, seinare omdanna til ein moske.
  • Yivli Minare: Denne minareten frå det 1200-talet vart bygd av seldsjukkane. Minareten er dekorert med mørkeblå og turkise fliser, og vart etter kvart symbolet til byen.
  • Karatay Medresesi, Hidirlik-tårna, Ahi Yusuf Mescidi, Iskelemoskeen, Murat Pasamoskeen, Tekeli Mehmet Pasa moske, Balibeymoskeen, Musellimmoskeen, Seyh Sinan Efendi moske og Osman Efendi moske er andre viktige stader i byen.
  • «Han» er nemninga på seldsjukkiske eller osmanske vertshus med arkitektonisk tyding. Blant desse er Evdir Han, Klrkoz Han, Alara Han, Castle Han og Sarapsu (Serapsu) Han.
Utsyn frå Kaleiçi

Historiske stader og ruinar rundt byen[endre | endre wikiteksten]

  • Aspendos: Ein av dei viktigaste pamfyliske byar. Han ligg ved elvemunningen til Kopru i havet. Han var ein gong ei viktig hamn og kommersielt senter, og hadde rykte på seg for å ale opp dei beste hestane i verda. Odeon, basilikaen, galleria og fontenene er verd å sjå.
  • Termessos: Ein pisidisk by, liggjande høgt oppe på eit fjell, med restar av ein agora (torg), eit teater og ein odion. Han skal etter sigande ha den mest praktfulle nekropolisen i Middelhavet, og ligg 35 km nordvest for Antalya.
  • Ariassos: I ein avstand av 48 km langs motorvegen Antalya Burdur, ta til venstre før du kjem til landsbyen Dag, og Ariassos ligg ein kilometer lengre fram. Ariassos er ein by frå antikken, og vart bygd i ein dal og kunne sjå ut over omgivnadene sine. Byporten, badet, steingravene og mausoleet er nesten heilt intakt.
  • Olympos nasjonalpark: Olympos er ein antikk lykisk by 90 km sørvest for Antalya, nær byen Kemer.
  • Perge: 18 km nordaust for Antalya. Ruinen er spreidd utover to høgder, med teateret på den eine og akropolis på den andre. I følgje segnet vart byen bygd av tre av heltane frå Troja.
  • Phaselis: Ein lykisk by 54 km sørvest for Antalya.
  • Sillyon: 34 km frå Antalya i retning av Alanya. Han er lokalisert mellom Aspendos og Perge og er datert til 300-talet fvt.
  • Sagalassos: Ein pisidisk by 100 km nord for Antalya.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hjørnesteinane i den økonomiske strukturen til Antalya er turisme, jordbruk, handel og industri. I dag har byen ein brei jordbruksproduksjon av sitrusfrukter, bomull og blomar. Dei fleste i arbeidslivet i Antalya er anten tilsett innan turistnæringen eller jordbruket.

Hovuddelen av veksten og utviklinga til Antalya starta i republikktida. Naturen til staden og passande klimatiske tilhøve auka tilflyttinga til byen. Folkesetnaden til byen var 17 635 i 1927, 27 515 i 1950, 50 908 i 1960 og nådde 95 616 i 1970. I 1980 var folkesetnaden auka til 258 139, og nådde 603 190 i år 2000. Tilflyttingen har medført bygging av nye distrikt i byen, og har sett byggesektoren i høggir. Jordbrukssektoren har utvikla seg i takt med turistnæringen, som òg har medført stor utvikling av transportsektoren. Antalya er eit sub-regionalt senter som kontrollerer hovudsakleg kommersiell og jordbruksretta økonomisk aktivitet i landområdet rundt.

Venskapsbyer[endre | endre wikiteksten]

Antalya har 8 vennskapsbyer:

Kjende folk frå Antalya[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 21. august 2012 
  2. Sitert frå heimesida, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 21. august 2012 
  3. Sjå [1] Arkivert 2007-01-04 ved Wayback Machine. and [2] Arkivert 2016-03-13 ved Wayback Machine.
  4. Sitron vert framleis kalla Addaliya i Egypt.
  5. Wikisource EB1911
  6. «Resmi İstatistikler: İllerimize Ait Mevism Normalleri (1991–2020)» (på tyrkisk). Turkish State Meteorological Service. Henta 1. mai 2021. 
  7. «Klimatafel von Antalya / Türkei» (PDF). Baseline climate means (1961–1990) from stations all over the world (på tysk). Deutscher Wetterdienst. Henta 13. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Antalya
Reiseguide for Antalya frå Wikivoyage