Elektra Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektra Records

Skipa1950
MorselskapWarner Music Group
HovudkontorNew York by
LandUSA
Grunnleggjar(ar)Jac Holzman
Nettstadhttp://www.elektra.com (engelsk)

Elektra Records er eit amerikansk plateselskap som var verksamt frå 1950 til 2004. Selskapet vart i 2009 gjenoppretta som eit underselskap til Atlantic Records.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elektra Records vart grunnlagt 10. oktober 1950 av Jac Holzman og Paul Rickholt, og konsentrerte seg opphavleg om folkemusikkartistar som Judy Collins. Midt på sekstitalet byrja Elektra òg å gje ut plater i sjangrane rock og psykedelia. Blant deira mest kjende band var The Doors, Love og Incredible String Band. Dei har òg jobba saman med det kjende Heavy Metal-bandet Metallica på blant anna albumet Master of Puppets.

I 1970 vart selskapet selt til Kinney Corporation, som slo det saman med Warner Bros. Records til WEA (Warner-Elektra-Atlantic). Dette konglomeratet vart i 2004 selt vidare til eit nytt konglomerat, og i april same år vart etiketten lagt ned. Fem år seinare vart selskapet gjenoppretta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]