The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Doors
The Doors in Copenhagen 1968.jpg
The Doors spelar på dansk fjernsyn i 1968
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, rock[1][2][3]
Aktive år 1965–1973
1978, 1993, 2000
Tilknytte artistar Manzarek-Krieger, The Butts Band, Nite City
Plateselskap Elektra
Rhino
Nettstad www.thedoors.com
Tidlegare medlemmer
Jim Morrison
Ray Manzarek
John Densmore
Robby Krieger

The Doors var eit amerikansk rockeband starta i 1965 i Los Angeles med vokalist Jim Morrison, klaverspelar Ray Manzarek, trommerslagar John Densmore og gitarist Robby Krieger. Bandet tok namnet sitt frå Aldous Huxley-boka The Doors of Perception.[4] Dei var av dei mest kontroversielle banda i 1960-åra på grunn av dei ville, poetiske tekstane til Morrison og den karismatiske, men ureknelege scenepersonlegdomen hans. Etter at Morrison døydde i 1971 heldt dei gjenverande medlemmane saman som ein duo, fram til bandet vart oppløyst for godt i 1973.[1]

Sjølv om den aktive karrieren til The Doors enda i 1973, er dei framleis populære. I følgje RIAA har dei seld 32,5 millionar album berre i USA.[5] Bandet har seld over 90 millionar album på verdsbasis.[6] Ray Manzarek og Robby Krieger spelar framleis i lag som Manzarek-Krieger, og spelar berre songar av The Doors. Tre av studioalbuma til bandet, The Doors (1967), L.A. Woman (1971) og Strange Days (1967), ligg på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, på respektive 42., 362. og 407. plass. I 1993 vart The Doors innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1965–1968[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

The Doors vart til ved eit tilfeldig møte mellom Jim Morrison og Ray Manzaerk på Venice Beach i Los Angeles i California i juli 1965. Morrison fortalte Manzarek at han hadde skrive songar, og etter oppfordring frå Manzarek song han «Moonlight Drive». Teksten til Morrison imponerte Manzarek og han foreslo at dei danna eit band.

Klaverspelaren Manzarek var i eit band kalla Rick & the Ravens med brørne Rick og Jim Manzarek, medan trommeslagar John Densmore spelte med The Psychedelic Rangers, og kjende Manzarek frå mediteringstimar. I august vart Densmore med i bandet og i lag med medlemmar frå The Ravens og bassisten Pat Sullivan (seinare kjend som Patricia Hansen på ei plateboksutgjeving frå 1997), spelte dei inn ein demo med seks songar i september 1965. Demoinnspelinga har sidan sirkulert som ei piratkopiplate. Denne månaden hyrte bandet gitaristen Robby Krieger, og den endelege besetninga med Morrison, Manzarek, Krieger og Densmore var komplett.

I 1966 spelte gruppa i LA-klubben London Fog og fekk kort tid etter spele på den prestisjefylte Whisky a Go Go, der dei vart husband. Her varma dei mellom anna opp for Van Morrison-bandet Them. Den siste kvelden deira i lag spelte dei to banda i lag på «In the Midnight Hour» og ein tjue minuttar lang jam-versjon av Them-songen «Gloria».[7] Før dei byrja å spele på Whisky a Go Go drog Morrison til mange plateselskap for å prøve å få ein platekontrakt. Han fekk napp hos eitt selskap, men lukkast ikkje. Den 10. august vart dei oppdaga av Elektra Records-direktøren Jac Holzman som var der etter at Love-songaren Arthur Lee anbefalte han å gå sjå dei. Etter at Holzman og produsent Paul A. Rothchild såg dei to sette bandet spelte på Whisky a Go Go, vart dei signerte til Elektra Records den 18. august. Det var starten på eit langt og suksessrikt partnarskap med Rothchild og lydteknikar Bruce Botnick. Seinare denne månaden sparka klubben bandet etter ei blasfemisk framføring av «The End». Hendinga peika fram mot dei kontroversielle hendingane som seinare skulle følgje gruppa, då ein LSD-påverka Morrison fortalde si utgåve av det greske dramaet Oedipus Rex, der Oedipus utan å vite det tar livet av faren sin og har sex med mor si.[8]

Debutalbum[endre | endre wikiteksten]

Bandet spelte inn det første albumet sitt frå 24. til 31. august 1966 i Sunset Sound Recording Studios. Debutalbumet The Doors kom ut den første veka i januar 1967 og inneheldt dei fleste av dei store songane frå konsertane deira, mellom anna det nesten 12 minuttar lange musikalske dramaet «The End».

I november 1966 regisserte Mark Abramson ein marknadsføringsfilm for den første singelen «Break On Through (To the Other Side)». For å marknadsføre singelen gjorde The Doors den første framferda si på fjernsyn, på eit fjernsynsshow i Los Angeles kalla Boss City, kring 1966, kanskje tidleg 1967 og så igjen på eit anna show i Los Angeles kalla Shebang, der dei mima til «Break On Through» på nyttårsdag 1967. Klippet har aldri vorte offisielt gjeve ut av The Doors.

Sidan «Break on Through» ikkje vart ein stor suksess på radio, vendte bandet seg mot «Light My Fire». Problemet med denne songen var at han var sju minuttar long, så produsent Paul Rothschild redigerte han ned til ein tre minuttar lang song. Den andre singelen vart den første singelen frå Elektra Records som nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 og selde over ein million eksemplar.[9] «Light My Fire» var den første songen Robbie Krieger nokon gong skreiv og vart starten på suksessen for bandet.

Tidlege konsertopptak på The Matrix[endre | endre wikiteksten]

Frå 7. til 11. mars 1967 spelte The Doors på The Matrix Club i San Francisco. Konsertane den 7. og 10. mars vart fanga på lydband av medeigar av The Matrix, Peter Abram. Desse innspelingane er kjende som dei tidlegare konsertopptaka som finst av bandet. Den 18. november 2001 gav The Doors ut ei samlinga av desse opptaka kalla Live at the Matrix 1967, på Bright Midnight Archives.

Tidlege TV-framferder[endre | endre wikiteksten]

The Doors spelte på amerikanske fjernsyn den 25. august 1967, som gjestestjerner i fjernsynsserien Malibu U, der dei spelte «Light My Fire». Dei spelte derimot ikkje live. Ein kunne sjå bandet på ei strand medan songen gjekk i bakgrunnen. Musikkvideoen gav dei ikkje kommersiell suksess og framføringa vart meir eller mindre gløymd.[10] Det var først då dei spelte på The Ed Sullivan Show at dei fekk merksemd på fjernsyn.[11]

Jim Morrison

The Doors gjorde sin internasjonale fjernsynsdebut i mai 1967, då dei spelte inn ein versjon av «The End» for Canadian Broadcasting Corporation (CBC) på O'Keefe Centre i Toronto.[12] Etter den første sendinga vart dette klippet berre sett som piratkopiar fram til det vart gjeven ut på DVDen The Doors Soundstage Performances i 2002.[12]

Den 17. september 1967 gav The Doors ei minneverdig framføring av «Light My Fire» på The Ed Sullivan Show.[11] I følgje Ray Manzarek, bad produsentane dei om å byte ut ordet «higher» med «better», sidan ein ikkje kunne sei «high» på nasjonalt fjernsyn. Gruppa gjekk først med på dette, men song likevel songen slik som vanleg, anten fordi dei aldri hadde tenkt å gjere slik produsentane bad dei om, eller fordi Jim Morrison vart nervøs og gløymde det. Uansett vart «higher» sungen på fjernsyn og ein rasande Ed Sullivan kansellerte seks show som var planlagte. Jim Morrison skal då ha sagt til produsenten. «Hei du. Me gjorde akkurat the Sullivan Show.»[11]

Den 24. desember framførte The Doors «Light My Fire» og «Moonlight Drive» for The Jonathan Winters Show. Framføringa vart filma og sendt seinare. Frå 26. til 28. desember spelte gruppa i Winterland Ballroom i San Francisco. Eit utdrag frå Stephen Davis-boka om Jim Morrison (s. 219–220):

Den neste kvelden i Winterland vart eit fjernsyn rulla inn på scenen under The Doors-konserten, slik at bandet kunne sjå seg sjølve på The Jonathan Winters Show. Dei stoppa å spele «Back Door Man» då songen deira kom på. Publikum såg the Doors sjå seg sjølv på TV. Dei gjorde songen ferdig då songen deira var over, og Ray gjekk bort og skrudde av fjernsynet. Den nesten kvelden deira vart den siste i Winterland nokon gong.

Dei spelte to konsertar til i Denver den 30. og 31. desember 1967 og runda av eit år med nesten konstant turnering.

Strange Days[endre | endre wikiteksten]

The Doors var fleire veker i Sunset Studios i Los Angeles for å spele inn det andre albumet sitt, Strange Days, der dei eksperimenterte med dei nye teknologiane dei no hadde tilgjengeleg. Strange Days selde berre middels. Det nådde tredjeplassen på Billboard-lista, men fall raskt i lag med singlane frå albumet.[9] Refrenget på singelen frå albumet, «People Are Strange» inspirerte namnet på dokumentaren frå 2010 om The Doors, When You're Strange.

Strange Days var det første albumet der dei nytta bassist på innspelinga, og gjorde dette på kvart studioalbum etter.[13] Manzarek forklarte at bassen på orgelet passa seg bra på konsertar, men vart ikkje «tydeleg» nok på studioinnspelingane.[13] Douglass Lubahn spelte på Strange Days og dei to neste albuma, men bandet nytta òg mange andre bassistar, ofte meir enn ein bassist på eitt album. Kerry Magness, Leroy Vinnegar, Harvey Brooks, Ray Neopolitan, Lonnie Mack og Jerry Scheff er alle bassistar som har arbeidd med bandet.[14][15][16][17][18]

Hendinga i New Haven[endre | endre wikiteksten]

Den 9. desember 1967 spelte The Doors ein konsert i New Haven Arena i New Haven i Connecticut, som enda brått då Morrison vart arrestert av det lokale politiet.[19] Morrison vart den første rockeartisten som vart arrestert på scenen under ein konsert.[20][21]

Morrison hadde «rota» med ein tilhengjar i dusjen bak scenen før konserten då ein politimann kom over dei. Han var ikkje klar over at han var frontmannen i bandet som skulle spele og fortalte Morrison og jenta om å dra sin veg, då Morrison svarte, «Eat it». Politimannen tok fram ein boks med tåregass, og åtvara Morrison, «Last chance», då Morrison svara, «Last chance to eat it»[22][23] Det er noko usemje om kva som skjedde så: i følgje No One Here Gets Out Alive sprang jenta og Morrison vart spraya, men Manzarek fortel i boka si at både Jim og jenta vart spraya og at konserten vart utsett ein time medan han kom seg att.[22][24][25]

Halvvegs gjennom det første settet starta Morrison å rope ein obskøn tirade til publikum, forklarte kva som hadde skjedd bak scenen og talte nedlatande om politiet i New Haven. Morrison vart så arrestert og dradd av scenen, noko som førte til opprør i gatene utanfor New Haven Arena. Morrison vart teken med til den lokale politistasjonen, fotografert og tiltalt for usømmeleg framferd og offentleg utukt. Tiltalen mot Morrison og dei tre journalistane som òg vart arresterte under hendinga, vart droppa fleire veker seinare på grunn av bevismangel.[21][24]

Waiting for the Sun[endre | endre wikiteksten]

Det tredje albumet til bandet vart spelt inn i april 1968 og var ein vanskeleg tid på grunn av det aukande alkohol- og dopmisbruket til Morrison, og at den nye episke songen hans «Celebration of the Lizard» vart forkasta av produsenten Paul Rothchild, som meinte at verket ikkje var kommersielt nok. Dei nådde nye høgder hos publikum og spelte fleire utandørskonsertar som førte til vanvittige scenar mellom tilhengjarar og politiet, særleg ved Chicago Coliseum den 10. mai.

Bandet starta ei ny retning med det tredje albumet. Sidan dei hadde brukt opp dei originale songane sine, byrja dei å skrive nye. Waiting for the Sun vart den første førsteplassen deira og singelen deira «Hello, I Love You» gjekk heilt til topps i USA. Då «Hello, I Love You» kom ut påpeikte rockepressa at songen likna The Kinks sin «All Day and All of the Night» frå 1964. Kinks-gitarist Dave Davies var særleg irritert over likskapen.[26] På konsertane gjekk Morrison stundom av scenen under songen, og overlet vokalen til Manzarek, som ein kan sjå i dokumentaren The Doors are Open.[27]

Ein månad etter opprørsscenane fann stad i Singer Bowl i New York, reiste gruppa for første gong til Storbritannia, den første gongen dei spelte utanfor Nord-Amerika. Dei heldt ein pressekonferanse i ICA Gallery i London og spelte på The Roundhouse Theatre. Dette vart sendt på Granada TV som The Doors Are Open, seinare gjeven ut på video. Dei spelte konsertar i Europa i lag med Jefferson Airplane, mellom anna eit show i Amsterdam der Morrison kollapsa på scenen etter dop-fest.

Gruppa reiste attende til USA og spelte ytterlegare ni konsertar i USA, før dei i november gjekk i studio for å arbeide med det fjerde albumet. Dei slutta året med ein ny suksessrik singel, «Touch Me» (desember 1968), som nådde tredjeplassen i USA. Dei starta 1969 med ein utseld konsert den 24. januar i Madison Square Garden.

1969–1971[endre | endre wikiteksten]

The Soft Parade[endre | endre wikiteksten]

Det fjerde albumet til The Doors, The Soft Parade, kom ut i juli 1969, og inneheld popaktige arrangement og blåserekkjer. Den første singelen «Touch Me» vart innspelt med saksofonisten Curtis Amy.

Medan prøvde å oppretthalde trøkket frå tidlegare, gav det nye lydbiletet på albumet ein eksperimentell kjensle, og fekk kritikarane til å angripe den musikalske integriteten deira. I følgje John Densmore i biografien hans Riders On The Storm vart bandmedlemmane tilskriven for låtane individuelt for første gong, fordi Morrison var motvillig til å synge teksten på Robbie Krieger-songen «Tell All the People». Drikkinga til Morrison gjorde han vanskeleg og upåliteleg, og innspelinga varte i fleire månader. Kostnadane hopar seg opp, og The Doors var nær oppløysing. Trass i dette vart albumet særs populært og vart det fjerde hitalbumet deira.

Hendinga i Miami[endre | endre wikiteksten]

1. mars 1969 i Dinner Key Auditorium i Miami, gav The Doors ein av dei mest kontroversielle konsertane sine i karrieren, ein som nesten «avspora bandet».[1] Morrison hadde nyleg sett eit skodespel av den eksperimentelle teatergruppa The Living Theatre, og var inspirert av den «antagonistiske» stilen deira.[28] Salen var ein gammal hangar som ikkje var luftkondisjonert denne varme kvelden, og setene var fjerna for å få plass til fleire folk.[29][30] Morrison hadde drukke heile dagen og hadde mista eit fly til Miami, og då han omsider kom fram til konserten, ein time etter konserten opphavleg skulle starta, var han i følgje Manzarek særs full.[29][31] Det urolege publikummet på 12 000 personar i eit lokale som opphavleg var meint for 7000. Morrison synte lite interesse for musikken kort inn i «Break On Through».[32] Morrison terga publikum med både elsk- og hat-meldingar, og sa «Elsk meg. Eg klarar ikkje meir utan god kjærleik. Eg vil ha noko kjærleik. Er det ingen som vil elske rumpa mi?» eller «De er alle ein gjeng idiotar!» og ropte «Kva skal det gjere med det?» om att og om att.[33][34][31] På eit tidspunkt tok Morrison hatten til ein politimann og kasta han til publikum, før politimannen tok hatten til Morrison og gjorde det same.[35] Manager Bill Siddons sa, «konserten var bisarr, sirkus-liknande. Det var ein fyr der som bar rundt på ein sau og dei villaste folka eg nokon gong har sett.»[36] Utstyrssjef Vince Treanor sa «nokon hoppa opp og tømde champagne på Jim, så han tok av seg skjorta, han var gjennomvåt. 'La oss få sjå litt hud, la oss bli nakne', sa han, og publikum starta å kle av seg.»[36]

Den 5. mars sendte sheriffen i Dade County ein arrestordre på Morrison som hevda at Morrison hadde synt penisen sin på scenen, ropt obskøne ting til publikum, simulert oralsex på gitarist Robby Krieger og var full medan han var på scenen. Morrison avslo avtale om tilstoding som kravde at The Doors skulle halde ein gratiskonsert i Miami. Han vart seinare dømd til seks månader i fengsel og måtte betale ei bot på $500.[37] Morrison slapp unna fengsel i påvente av ein anke på dommen, og han døydde før saka vart løyst. I 2007 foreslo guvernør i Florida, Charlie Crist å benåde Morrison, og dette vart annonsert den 9. desember 2010.[38] Densmore, Krieger og Manzarek nekta alle for at Morrison blotta seg på scene denne kvelden.[39][40][41]

Fleire rettsproblem[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av det neste albumet deira, i november 1969, hamna Morrison igjen i trøbbel med lova då han sjikanerte flyvertinnene på eit fly til Phoenix i Arizona for å sjå The Rolling Stones. Både Morrison og venen Tom Baker vart sikta for å ha «forstyrra flyturen på eit interkontinentalt fly og for offentleg fyll».[42] Om han vart dømd for den mest alvorlege skuldinga, kunne Morrison ha fått opp mot 10 år i fengsel for hendinga.[43] Siktinga vart fråfalne i april 1970 etter at flyvertinna sa at ho hadde teke feil av Morrison og Baker.[44]

Konsertar i Aquarius Theatre[endre | endre wikiteksten]

The Doors heldt to konsertar i Aquarius Theatre på Sunset Blvd i Hollywood. To konsertar vart haldne 21. juli 1969. Ei framføring «bak scenen», ei såkalla «privat øving» utan publikum gjekk føre seg 22. juli 1969. Dette var berre nokre få månader etter hendinga i Miami i mars same året. Av songane framført med publikum, vart «Universal Mind» og «Celebration of the Lizard» gjevne ut på Absolutely Live i 1970, medan «You Make Me Real» vart gjeven ut på Alive, She Cried i 1983. Van Morrison-songen «Gloria», som vart framført og spelt inn under den private øvinga, vart òg gjeven ut på Alive, She Cried. Både den første og den andre konserten, i tillegg til øvingane dagen etter, vart gjeven ut i 2001. Det var på desse konsertane Morrison gav ut diktet «Ode to L.A.» med Brian Jones i tankane. Rolling Stones-gitaristen var nyleg gått bort.

Morrison Hotel og Absolutely Live[endre | endre wikiteksten]

John Densmore

The Doors vendte attende til det gamle formatet sitt med Morrison Hotel i 1970, det femte albumet deira. Med ein konsistent hardrockstil opna albumet med «Roadhouse Blues». Albumet nådde fjerdeplassen i USA og dei fekk tilbake statusen dei hadde hatt hos kjernetilhengjarane og i rockepressa. Dave Marsh, redaktør i Creem, sa om albumet: «den mest gruoppvekkande rock'n'rollen eg har høyrt. Når dei er gode er dei rett og slett uslåelege. Eg veit at etter den beste plata eg har høyrt på...så langt.»[43] Rock Magazine kalla det «utan tvil det tøffaste (og beste) albumet så langt.»[43] Circus hylla det som «kanskje det beste albumet til no av the Doors» og «god, hard, vond rock og eit av dei beste albuma som er gjevne ut dette tiåret.»[43] På albumet var òg Jim Morrison attende som hovudlåtskrivaren, og skreiv eller deltok i skrivinga av alle songane på albumet.

I juli 1970 kom det første konsertalbumet til The Doors ut, Absolutely Live.

Bandet heldt fram å spele konsertar på sommaren. Morrison måtte møte i retten i Miami i august, men gruppa klarte å kome seg til Isle of Wight-festivalen den 29. august. Dei spelte i lag med artistar som Jimi Hendrix, The Who, Joni Mitchell, Miles Davis og Sly and the Family Stone. To songar frå konserten deira var med i dokumentaren frå festivalen frå 1995, Message to Love.

Jim Morrison dagen han vart dømd i Miami for spotting og blotting.

Siste konsert[endre | endre wikiteksten]

Den 8. desember 1970, på 27-årsdagen sin, spelte Morrison inn fleire av dikta sine. Delar av dette enda opp på An American Prayer i 1978 med musikk.

Turneen til The Doors for det komande albumet L.A. Woman kom berre til å bestå av to konsertar. Den første vart halde i Dallas i Texas den 11. desember. Under den siste konserten til The Doors med Morrison, i The Warehouse i New Orleans i Louisiana, den 12. desember 1970, braut Morrison tilsynelatande saman på scenen. Midvegs i konserten slo han mikrofonen fleire gonger i scenegolvet Morrison til plattforma under var øydelagd. Så sette han seg ned og nekta å spele resten av konserten. Trommeslagar John Densmore hugsar hendinga i biografien sin Riders On the Storm, der han etter konserten diskuterte med Ray og Robbie og dei bestemte seg for å slutte å spele konsertar.

L.A. Woman[endre | endre wikiteksten]

The Doors ønskte å ta tilbake statusen som eit band av øvste klasse med L.A. Woman i 1971. Innspelinga hadde gitar av Marc Benno, og bass av Jerry Scheff. Albumet inneheld to Topp 20-hittar og var det nest mest selde albumet deira. Berre debutalbumet deira selde meir. Albumet utforskar R&B-røtene deira, sjølv om dei under øvingane hadde kome på kant med Rothchild. Han stempla «Riders on the Storm» som «cocktailjazz», slutta og gav produksjonsansvaret til Botnick. Singlane «L.A. Woman», «Love Her Madly» (den siste Topp 10-hitten til the Doors) og «Riders On The Storm» vert framleis mykje spelt på radio, og den sistnemnde vart i 2009 innlemma i Grammy Hall of Fame for påverknaden på plateindustrien. I songen «L.A. Woman» stavar Jim Morrison bokstavane i namnet sitt før han syng «Mr. Mojo Risin» om att og om att. Under innspelinga vart det filma eit kort klipp av bandet som spelar «Crawling King Snake». Så langt ein veit er dette det siste filmklippet av the Doors i lag med Morrison.

Den 13. mars 1971 etter innspelinga av L.A. Woman, tok Morrison seg fri frå the Doors og flytte til Paris med Pamela Courson. Han hadde vitja byen sommaren før og var interessert i å flytte dit og verte forfattar.

Medan han var i Paris byrja han igjen å drikke tett og nytte andre typar dop. Den 16. juni vart den siste kjende innspelinga av Morrison gjort då han vart ven med to gatemusikarar i ein bar og inviterte dei til eit studio. Denne innspelinga vart til slutt gjeven ut i 1994 på ei piratkopiplate kalla The Lost Paris Tapes.

Dødsfallet til Morrison[endre | endre wikiteksten]

Grava til Jim Morrison på Père Lachaise gravplass i Paris

Morrison døydde 3. juli 1971. I den offisielle framstillinga vart han funnen i eit badekar i ei leilegheit i Paris av Courson. I samsvar med fransk lov vart det ikkje gjort obduksjon fordi den undersøkande legen hevda at det ikkje vart funne bevis for kriminelle handlingar. Dette har ført til mange spørsmål om dødsårsaka til Morrison. Herve Muller spekulerer i om Morrison døydde av ein herionoverdose i the Rock n' Roll Circus. Dette vert stadfesta av manageren for klubben, Sam Bernett, i eit intervju i 2007 og påfølgjande bok. Morrison vart gravlagd i «Diktarhjørnet» på Père Lachaise den 7. juli. Minneordet på gravsteinen hans er den greske inskripsjonen «ΚΑΤΑ ΤΟΝ ΔΑΙΜΟΝΑ ΕΑΥΤΟΥ», som tyder «i følgje hans eigen daimōn», vanlegvis tolka som «sann mot si eiga and».[45][46]

Morrison døydde 27 år gammal, den same alderen som mange andre kjende rockestjerner, som Jimi Hendrix, Janis Joplin, Brian Jones frå The Rolling Stones, Ron «Pigpen» McKernan frå The Grateful Dead, Alan Wilson frå Canned Heat, Gary Thain frå Uriah Heep og Kurt Cobain frå Nirvana. Kjærasten til Morrison, Pamela Courson, døydde òg 27 år gammal.

1971–73[endre | endre wikiteksten]

Other Voices og Full Circle[endre | endre wikiteksten]

Resten av The Doors heldt fram ei stund til, først med tanken om å erstatta Morrison med ein ny songar. Iggy Pop vart vurdert. I staden tok Krieger og Manzarek sjølv over på vokal og The Doors gav ut to album til før dei vart oppløyste. Innspelinga av Other Voices fann stad frå juli til august 1971 og albumet kom ut i oktober 1971. Albumet inneheld singelen «Tightrope Ride», som vart litt spelt på radio. Innspelinga av Full Circle fann stad våren 1972 og albumet kom ut i august same året. The Doors drog på turne for å marknadsføre albuma. Det siste albumet tok dei inn i jazz-territorium. I 1973 vart bandet oppløyst. Krieger, Manzarek og Densmore kom saman att i 1978, 1993 og 2000.

Ingen av desse albuma er gjevne ut på CD i USA, men dei finst som ein dobbelt-CD i Tyskland og Russland.

1978[endre | endre wikiteksten]

An American Prayer[endre | endre wikiteksten]

Det tredje albumet etter Morrison var An American Prayer frå 1978. Det bestod av innspelingane av dikta til Morrison, med musikk lagt oppå av bandet. Plata vart ein salssuksess og selde til platina.[47] An American Prayer vart gjeven ut på ny med ny digitallyd og bonusspor i 1995.[48]

Etter The Doors[endre | endre wikiteksten]

Soloverk (1974 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Manzarek lagde tre soloalbum frå 1974 til 1983 og danna òg bandet Nite City i 1975, som gav ut to album i 1977 og 1978. Krieger og Densmore danna The Butts Band i 1973, men det vart oppløyst etter to album. Krieger gav ut seks soloalbum frå 1977 til 2010. Alle soloalbuma til dei tidlegare Doors-medlemmane er møtt med blanda kritikk. I nyare år har Densmore danna jazzbandet Tribaljazz og gav ut eit album med same namn i 2006.

Manzarek–Krieger (2002 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Manzarek-Krieger.

I 2002 danna Ray Manzarek og Robby Krieger ein ny versjon av The Doors kalla The Doors of the 21st Century. Etter ein strid om bruken av namnet The Doors med trommeslagar John Densmore, endra dei namn fleire gonger og turnerer no under namna Manzarek-Krieger og Ray Manzarek and Robby Krieger of The Doors. Gruppa spelar musikken til The Doors og er møtt av blanda reaksjonar frå tilhengjarane.

Nye songar[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart dei første arkivmateriala gjevne ut i The Doors: Box Set, ein boks med fire CDar. Ein av dei var ei samleplate med dei største hittane. Nokre av songane var tidlegare tilgjengeleg på piratkopialbum.

I 1999 vart Complete Studio Recordings gjeven ut med dei første seks studioalbum (utanom An American Prayer, Other Voices og Full Circle), og boksen Perception kom ut i november 2006, utan dei same tre albuma. 2006-boksen inneheldt to timar med nesten uhøyrte studioopptak frå dei seks første albuma. Kvart album vart representert på to plater, ein CD med albumet og ein med bonussongar, samt ein DVD-Audio med både stereo og 5.1-kringlydmiksar (produsert og miksa av Bruce Botnick), samt tidlegare utgjevne videoopptak.

I november 2000 danna The Doors Bright Midnight Records, eit selskap der 36 album og 90 timar med tidlegare ikkje utgjeve material frå Morrison-tida med Doors skulle gjerast tilgjengeleg på CD. Opptaka er stort set konsertopptak, intervju (hovudsakleg med Morrison).

Ein dokumentar produsert av Dick Wolf, When You're Strange, kom ut i april 2010. Han er i følgje Ray Manzarek den sanne soga om The Doors, fortalt med bruk av nye intervju og tidlegare unytta filmklipp. Filmen vert fortalt av Johnny Depp, og er regissert av Tom DiCillo.[49]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Originale medlemmar er utheva.
The Doors og tilknytte besetningar
Rick & the Ravens
(Juli 1965 – september 1965)
The Doors
(Oktober 1965 – juli 1971)
The Doors
(1971–1973)
(1973–2002)

Gruppa oppløyst; Krieger, Manzarek og Densmore samla att i 1978, 1993 og 2000.

The Doors of the 21st Century
(2002–2003)
D21C / Riders on the Storm
(2003–2004)
Riders on the Storm
(2004–2007)
Riders on the Storm
(2007–2008)
Manzarek–Krieger
(2008–2010)
Manzarek–Krieger
(2010)
Manzarek–Krieger
(2010-2011)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 The Doors All Music.com
  2. TimePieces All Music Amazon.com Cd universe Rolling Stones
  3. ondarock.it - "The Doors"
  4. Simmonds 2008, s. 45.
  5. «Top Selling Artists». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=tblTopArt. 
  6. Johnny Depp to narrate 'The Doors' documentary. Asian News International.
  7. «Whisky A Go Go 1971». http://www.shadowplays.com/archive/whisky.php. Henta 16. mars 2011. 
  8. Oedipus Rex, av Sophocles In Oedipus Rex, by Sophocles, Oedipus Tries to Avoid His Fate av N.S. Gill, About.com Guide «The dream of having sexual intercourse with one's mother»
  9. 9,0 9,1 Brodsky, Joel. "Psychotic Reaction". Mojo. February 2004.
  10. The Doors. The Doors - Light My Fire (1967) Malibu U TV. 
  11. 11,0 11,1 11,2 «The Doors». The Ed Sullivan Show (SOFA Entertainment). http://www.edsullivan.com/artists/the-doors. Henta 16. mars 2011. 
  12. 12,0 12,1 The Doors. (2002). The Doors Soundstage Performances. [DVD]. Toronto/Copenhagen/New York: Eagle Vision. 
  13. 13,0 13,1 Manzarek 1998, s. 258.
  14. «Strange Days Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/strange-days-r6210/credits. 
  15. «Waiting for the Sun Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/waiting-for-the-sun-r6211/credits. 
  16. «The Soft Parade Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/the-soft-parade-r6212/credits. 
  17. «Morrison Hotel Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/morrison-hotel-r6214/credits. 
  18. «L.A.Woman Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/la-woman-r35839/credits. 
  19. «New Haven Police Close 'The Doors'; Use of Mace Reported». The New York Times. 10 December 1967. http://select.nytimes.com/gst/abstract.html?res=F20A1FFA3D55177B93C3A81789D95F438685F9&scp=2&sq=Jim+Morrison+New+Haven&st=p. Henta 16. mars 2011. 
  20. Riordan & Prochnicky 1991, s. 20.
  21. 21,0 21,1 Davis 2005, s. 216.
  22. 22,0 22,1 Hopkins & Sugerman 1980, s. 160.
  23. Riordan & Prochnicky 1991, s. 202.
  24. 24,0 24,1 Manzarek 1998, s. 272.
  25. Huey, Steve. «Jim Morrison Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p13722. Henta 16. mars 2011. 
  26. «Loyal Pains: The Davies Boys Are Still at It». http://kinks.it.rit.edu/misc/articles/latimes.html. 
  27. The Doors. (1968). The Doors are Open. [Concert/Documentary]. The Roadhouse, London. 
  28. Manzarek 1998, s. 310.
  29. 29,0 29,1 Hopkins & Sugerman 1980, s. 227.
  30. Riordan & Prochnicky 1991, s. 293.
  31. 31,0 31,1 Manzarek 1998, s. 312.
  32. Riordan & Prochnicky 1991, s. 292–293, 295.
  33. Riordan & Prochnicky 1991, s. 295.
  34. Hopkins & Sugerman 1980, s. 230.
  35. Riordan & Prochnicky 1991, s. 296.
  36. 36,0 36,1 Riordan & Prochnicky 1991, s. 297.
  37. Info on Jim Morrison's March 1, 1969 concert
  38. Florida pardons Doors' Jim Morrison, Reuters.com, http://www.reuters.com/article/idUSTRE6B85UA20101209, henta 16. mars 2011 
  39. «Drummer says Jim Morrison never exposed himself». Reuters. December 2, 2010. http://www.reuters.com/article/idUSTRE6B20CF20101203. Henta 16. mars 2011. 
  40. Manzarek 1998, s. 314.
  41. Riordan & Prochnicky 1991, s. 299.
  42. Riordan & Prochnicky 1991, s. 347.
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 Hopkins & Sugerman 1980, s. 284.
  44. Hopkins & Sugerman 1980, s. 290.
  45. Davis 2005, s. 472.
  46. Olsen 2007, s. 105.
  47. «RIAA News Room - Platinum certificates 2001». RIAA. http://www.riaa.com/newsitem.php?news_year_filter=&resultpage=76&id=182519BF-06DB-6DF5-F763-3555CDC1857A. 
  48. Iyengar, Vik. «Review of An American Prayer». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r6220. Henta 17. mars 2011. 
  49. Johnny Depp narrates a Doors documentary. Pop Candy blog on usatoday.com Henta 17. mars 2011.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Doors