Elektrisk støyt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein elektrisk støyt er ei brå, smertefull oppleving med muskelsamantrekningar som oppstår når elektrisk straum går gjennom kroppen.

Straumen oppstår oftast som resultat av ei elektrisk spenning og straumstyrken er gjeven av storleiken til spenninga, og resistansen til huda og kroppen (motstandsverdien). Straumstyrken er den viktigaste faktoren for kjensla og risikoen ved ein støyt. Straumen gjennom kroppen er avhengig av spenningsskilnaden mellom ulike punkt på kroppen og motstanden. Motstanden består av indre motstand i kroppen og overgangsmotstand mellom kroppen og spenningsførande delar. Overgangsmotstanden kan variere særs mykje, avhengig av mellom anna storleik på kontaktflatene og om kontaktflatene er våte eller tørre. Vatn leiar elektrisk straum og bidreg til god kontakt (lite motstand), noko som gjev større straum.

Eit støyt kan vere alt frå ein uskyldig, men smertefullt utlading til ei livsfarleg hending der straumen passerer hjartet og kan forstyrre, eller til og med stoppe det. Kunnskapsmaterialet som skildrar farar ved spenning/straum er særs rikhaldig, og det er ikkje lett å gje kort, klar informasjon om tilhøva. Men det er sett ei grense ved 48 V mellom verdiane potensielt livsfarleg og ikkje livsfarleg.

Vekselstraum og likestraum har ulike verknader. Vekselstraum har ein tendens til å lamme, medan likestraum har ein tendens til å aktivere musklar kraftig, ukontrollert og brått.

Ein straum over rundt 30 mA gjennom hjartet kan vere dødeleg. Jordfeilbrytarar nyttast i moderne sikringsskap for å detektere elektrisk straum mot jord og slå av spenninga når slikt skjer.

Elektriske støyt med 2 til 10 sekunds mellomrom kan òg utnyttast for å innhegne dyr med elektriske gjerde ved at dyra får ein ubehageleg straumstøyt ved kontakt med straumgjerdet. Denne straumen blir gjeve av ein høgspenningskjelde med fastsett straumavgrensning som er innstilt slik at ingen livsfare for verken dyr eller menneske oppstår. Spenninga er særs stor for å sikre at den fastsette og irriterande, men ufarlige straumgrensa blir nådd, òg når huda er tørr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]