Elisabeth Farnese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elisabeth Farnese
Isabel de Farnesio.jpg
Gemalinne
Gemalinne av Spania
Regjeringstid 24. desember 1714–14. januar 1724
6. september 1724–9. juli 1746
Italiensk Elisabetta Farnese
Spansk Isabel de Farnesio
Fødd 25. oktober 1692
Fødestad Palazzo della Pilotta i Parma i Italia
Død 11. juli 1766 (73 år)
Dødsstad kongepalasset i Aranjuez i Aranjuez i Spania
Gravlagd kongepalasset i La Granja de San Ildefonso
Gift med Filip V av Spania
Dynasti Huset Bourbon
Huset Farnese
Far Odoardo Farnese
Mor Dorothea Sofia av Neuburg
Born Karl III, konge av Spania
Mariana Victoria, dronning av Portugal
hertug Filip av Parma
Maria Teresa Rafaela, dauphine av Frankrike
grev Luis av Chinchón
Maria Antonia Ferdinanda, dronning av Sardinia

Elisabeth Farnese (25. oktober 169211. juli 1766), dotter av Odoardo Farnese og Dorothea Sofie av Neuburg, var dronninggemalinne av Spania og hadde stor innverknad på den spanske utanrikspolitikken.

Elisabeth var fødd i Parma, hovudstaden i hertugdøemt familien hennar hadde regjert over i over to hundreår. Elisabeth vart seinare arvingen etter områda til faren då onkelen hennar Francesco Farnese av Parma og den yngre broren hans begge var barnlause.

Hertugdømet Parma vart sidan arva av den første sonen hennar, infante Carlos, og då han tok over den spanske trona gjekk tittelen til den tredje sonen hennar, infante Felipe. Det var han som danna det moderne Huset Bourbon-Parma.

Ho gifta seg så med kong Filip V av Spania og ho fekk raskt stor innverknad på han, som av dei fleste vart rekna som ein svak konge. Kongen abdiserte i 1724 og gav trona til den førstefødde arvingen (frå det første ekteskapet hans), men då den unge kongen døydde, vart Filip kalla attende til trona. I dei seinare åra hans, då han var nesten senil, var det Elisabeth som styrte det meste av Spania og sikra tronenen i Italia for sønene sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]