Emily Osment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
EmilyOsmentApr09.jpg

Emily Jordan Osment (fødd 10. mars 1992 i Los Angeles) er ein amerikansk skodespelar, songar og låtskrivar. Osment byrja si skodespelarkarriere ved å spele i fleire reklamefilmar, før ho debuterte i spelefilmen The Secret Life of Girls i 1999. Det same året fekk ho ei rolle i Hallmark-filmen Sarah, Plain and Tall: Winter's End, som dottera til Glenn Close og Christopher Walken. Denne rolla førte til ein nominasjon for Beste unge skodespelar. Etter det spelte Osment fleire mindre rollar på TV, mellom anna 3rd Rock from the Sun, Touched by an Angel, og Friends.

Osment er mest vidgjeten for rolla som Lilly Truscott i Hannah Montana og Gerti Giggles i to av Spy Kids filmane. Ho har ein av hovudrollane i filmen Dadnapped, ein Disney Channel-film.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.