Eminense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans eminense er den vanlege tiltaleforma for ein kardinal i Den katolske kyrkja.
(Portrett av kardinal Bernardino Spada, av Guido Reni, ca. 1631.)

Eminense, frå latin eminentia, «framifrå», jfr. eminent, er ein protokollær tittel, ei tiltaleform, for somme høge geistlege, særleg kardinalar, i Den katolske kyrkja. Tittelen kjem opphavleg frå det bysantinske hoffet, der det blei brukt som tiltaleform for keisaren sine næraste rådgjevarar.

Frå 600-talet blei tittelen brukt innan den katolske kyrkja om kardinalar og dessutan om vanlege biskopar. For biskopane fall bruken bort, og blei erstatta av den protokollære tittelen eksellense.

Også geistlege kurfyrstar og Maltesarordenen sin stormeister kunne bruke tittelen. Den 19. juni 1630 regulerte pave Urban VIII kardinalane sine titlar slik at eminense blei protokollært einerådande. Til då var den vanlege tittelen illustrissime. Maltesarordenen sin stormeister fekk føre blandingsforma Hans eminente høgheit.

Ordet eminense er kjent også frå uttrykket «grå eminense», om personar med makt som verkar i kulissane. Også dette uttrykket har eit klerikalt opphav.

Erkebiskopar i den ortodokse kyrkja blir også kalla eminensar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]