Maltesarordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maltesarordenen
SiegeOfAcre1291.jpg
Aktiv om lag 10991798
Plikttruskap Paven
Type Vestleg riddarorden
Hovudkvarter Jerusalem
Vernar Døyparen Johannes
Slag/krigar Krosstoga, inkludert:
omleiringa av Akko (1291)


Maltesarordenen (Den suverene militære hospitallerordenen av Sankt Johannes av Jerusalem av Rhodos og av Malta, Sovrano Militare Ordine Ospedaliero di San Giovanni di Gerusalemme di Rodi e di Malta) er ein geistleg riddarorden som i dag fungerer som ein veldedig organisasjon. Ordenen hevdar suverenitet og har permanent observatørstatus i SN.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Johannittarordenen.

Ordenen oppstod i Jerusalem under namnet Johannittarordenen som ein av dei tre store riddarordenane under krosstoga; dei to andre var Tempelriddarordenen og Den tyske riddarorden. Etter at riddarordenane vart pressa ut av Palestina slo ordenen seg ned på Rhodos i 1309 og virka der til dei vart drive ut av den osmanske sultanen Suleiman sin hær i 1522. Etter Rhodos flakka ordenen rundt om i Europa før han fekk etablere seg på Malta i 1530 etter ordre frå paven og spanskekongen. Som leige for øya skulle ordenen gje kongen ein maltesarfalk kvart år på allehelgensdag. Ordenen regjerte på Malta fram til han vart kasta ut av Napoleon Bonaparte i 1798.

Maltesarordenen har i dag hovudkvarter med ekstraterritoriell status i Roma.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Ordenen sitt overhovud er Stormeisteren, som vert vald på livstid. Stormeisteren vert assistert av Det suverene rådet, som vert vald av Generalkapittelet, ordenen si lovgjevande forsamling. Generalkapittelet har møte kvart femte år; på kvart møte vert alle medlemmene av Det suverene rådet vald. Rådet består av seks medlemmer og fire embetsmenn: Storkommandøren, Storkansellisten, Storhospitalleren og Forvaltaren av hovudkassen. Storkommandøren er ordenen sin øvste religiøse embetsmann og fungerer som interimsfullmektig når Stormeisteren sitt embete er ledig. Storkansellisten har ansvar for administrasjonen av ordenen. Storhospitalleren koordinerer ordenen si humanitære og veldedige verksemd. Forvaltaren av hovudkassen er ordenen sin finanssjef.

Ordenen sine finansar vert granska av Revisornemnda, som består av ein president og fire rådsmedlemmer, alle vald av Generalkapittelet. Ordenen si dømmande fullmakt vert utøvd av domstolar med dommarar utnemnd av Stormeistaren og Det suverene rådet.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Ordenen tar i utgangspunktet berre opp adelege medlemmer, men har i nyare tid gjort visse unntak frå dette. Han har hatt nokre få norske medlemmer, m.a. den romerske greven Christopher de Paus. Eit moderne norsk medlem er Janne Haaland Matlary, som vart utnemnd til Dame av ordenen. Andre europeiske medlemmer inkluderer keisar Otto I av Austerrike, Otto von Habsburg, Franz von Papen, Luigi Parrilli og Reinhard Gehlen, amerikanske medlemmer inkluderer Gerald Ford og Frank Sinatra.

Internasjonal organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Malteaerordenen er til stades i 54 land. Ordenen er organisert i seks storprioriar, fire underprioriar og 45 nasjonalforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]