Enclosure movement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I engelsk økonomisk historie er enclosure eller inclosure namnet gitt den prosessen som førte til at land som tidlegare hadde vore allmenningar — med rett til bruk og tilgjenge for alle — vart inngjerda (stengt) og eigedomen til ein enkelt privat eigar, som fekk fruktene av landet åleine. Omdanninga av felles til privat land skjedde med tvang, motstand og blodspille.

Det var to hovudbølgjer i prosessen. Enclosure i tudorperioden omdanna land frå åkerbruk til beitemark, vanlegvis for sau. Dette skjedde oftast ved avgjerd av godseigaren direkte. Seinare kom parlamentsvedtekne enclosures1700-talet og 1800-talet, der open mark vart samla i meir kompakte einingar med hekkar rundt.

Enclosure i Tudor-tida medførte ofte at folk mista beiterettar og kunne føre til at heile landsbyar vart øydelagde. Ved dei seinare skulle landsbybuarane få noko kompensasjon for å miste beiterettane sine, men land dei fekk i staden for allmenningsrettane var ofte ikkje nok til å dekkje tapet.

Ikkje berre vart land som var formelt privateigd medteke i utestengingsprosessen. Det kunne vere område der ålmenta frå gammalt hadde visse avgrensa rettar, til dømes til å la dyra sine beite der etter at graset var slege. Også utmark som før ikkje var eigd av nokon, og var fullt ut allmenningar, vart privatisert.

Dei områda som vart hardast ramma av enclosure-prosessen, var tettfolka område der det var lite beiteland og bøndene var avhengige av beiterett etter innhaustinga, og utkantstrøk der utmarksressursane hadde vore avgjerande viktige for folk. Somme stader braut det ut uro i slike område.

Enclosure-tiltak frå lokale godseigarar som avfolka heile landsbyar vart kritiserte av kyrkja og styresmaktene på 1500-talet, men farten i prosessen auka likevel på 1600-talet, og eliten i landet var no positiv til det. Det kom ein serie med lover som omhandla enclosure, og dei vart samla i Inclosure Consolidation Act av 1801. Enclosure vart mellom anna hevda å vere nødvendig for teknologisk framsteg i landbruket.

Mange historikarar meiner at enclosure var ein viktig faktor i reduksjonen av talet på småbønder i England. Det var mykje folkeleg motstand mot prosessen, på grunn av skadeverknadene for levebrødet til småbønder og landarbeidarar. Allmenningsretten hadde ikkje berre gitt høve til beiting for kyr og sauer, men òg for gjæser og grisar, og rett til å plukke bær og sanke ved. Mange menneske som før hadde kunna leve av landet, vart no tvinga inn i byane der dei vart industriarbeidarar under den industrielle revolusjonen.

På slutten av 1800-talet var prosessen ført til endes. Mange godseigarar vart rike gjennom utestenginga av vanlege folk frå allmenningsmark og heier. Mange vanlege folk vart fråtekne gamle rettar. Mange såg prosessen som ein einaste stor svindel frå storgodseigarane si side, slik som Oliver Goldsmith i dette diktet:

They hang the man, and flog the woman,
That steals the goose from off the common;
But let the greater villain loose,
That steals the common from the goose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den engelskspråklege wikipediaen, artikkel med same namnet.