Epeirogenese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Epeirogenese eller epirogenese (frå gresk epeiros, 'fastland' og genesis, 'oppkome') er ein tektonisk prosess der ein har langsame rørsler i jordskorpa. Rørslene er i hovudsak vertikale. Dette medfører hevingar og senkingar i jordskorpa, utan at ein får vesentlege strukturendringar som foldingar og liknande, som ein får i orogenese. Rørsla kjem av krefter som virkar langs jordradien, som kreftene som medverkar til isostasi og forkastingar i litosfæren.

Dei sørlege områda av Rocky Mountains har mellom anna vorte løfte 1300 til 2000 meter sidan eosen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«epeirogenese – geologi» i Store norske leksikon, snl.no.