Forkasting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei forkasting ved Bjerkås, det eldste laget øverst og til venstre. (Foto: Kjetil Lenes)
Forkasting er ei brotline mellom geologiske lag. Me kan sjå forkastingar som detaljar i ei vegskjering eller i store strukturar som Oslofjorden. Forkastinga oppstår når spenninga i jordskorpa blir så stor at delar av ho får rørsler i høve til andre delar. Rørslene kan vera loddrette, vassrette eller på skrå imellom lodd- og vassrett.
Forkastingane kan skje langs meir eller mindre parallelle liner. Då kan området mellom linene bli liggande høgare eller lågare enn landet omkring. Det blir då kalla horst eller graben.