Isostasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isostasi er eit geologisk omgrep for tendensen jordskorpa har til å gå mot ein tilstand av likevekt. Som regel vil den ytre, harde litosfæren og den lågare, seigtflytande astenosfæren gå mot likevekt ved at jordskorpeplatene «flyt» i ei viss høgd som passer tjukna og tettheiten deira. Dette vil seia at ein kan rekna med at vekta av ein bergartsøyle ned til ei djupne på 100 km er den same overalt. Under fjellkjeder som stikk høgt opp vil det vera lette bergartar, og under djupe havområde vil det vera tyngre bergartar. Endringar av område, til dømes lette gjennom erosjon eller nedtynging gjennom avsetting av sediment, vil over tid føra til isostatisk senking eller heving mot ei ny likevekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.