Erik Waaler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erik Waaler (fødd 22. februar 1903 i Hamar, død 3. mars 1997 i Bergen) var ein norsk lege. Han var bror til Georg Waaler og Rolf Waaler.

Erik Waaler var professor i patologi ved Universitetet i Bergen (UiB) frå 1948 til 1971 og var rektor same stad i to periodar. Han vart verdskjend då han oppdaga ein spesiell faktor i blodet til revmatikarar, som var grunnlaget for ein test som har fått stor diagnostisk utbreiing.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han voks opp på Hamar og tok medisinsk embetseksamen i Oslo 1927. Han gjorde sjukehusteneste både i Hamar og i Oslo, før han vart privatpraktiserande lege i Hamar i 1929. Frå 1930 vart han assistenlege ved Hærens bakteriologiske laboratorium i Oslo fram til 1933. Etter å ha jobba ved fleire sjukehus tok han doktorgrad i medisin med. 1935 på avhandlinga Studies on the Dissociation of the Dysentery Bacilli. Han reiste så på eit 11 månaders stipendopphald i 1936-1937 ved Department of Pathology, Columbia University i New York. Etter å ha jobba ei stund ved ved patologisk-anatomisk avdeling på Ullevål sykehus 1937–38 og var prosektor ved den tilsvarande avdeling på Rikshospitalet 1938–1940. I 1941 vart hn tilsett ved dr.med. F. G. Gades Pathologisk Anatomiske Laboratorium i Bergen og vart verande i Bergen resten av livet, der han arbeidde med patologi og rettsmedisin.

I 1939 gjorde Waaler den kjende oppdaginga si i blodet til revmatikarar. Dette klarte han ut frå arbeidet han gjorde med antistoff. Etter andre verdskrigen var Waaler aktivt med i førebuingane til å opprette medisinsk utdanning ved universitetet i Bergen. I 1947 vart han professor i patologisk anatomi og rettsmedisin og var i to år dekanus for det nye medisinske fakultetet. 1954 til 59, det vil sei i to periodar, var han rektor ved universitet.

Waaler var òg delaktig i å opprette tannlegeutdanninga i Bergen, samt at Universitetet i Tromsø fekk medisinstudium i 1968.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Erik Waaler var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1947 og av Selskapet til Vitenskapenes Fremme frå 1952 samt æresmedlem i fleire medisinske organisasjonar. Han mottok Fridtjof Nansens belønning frå Det Norske Videnskaps-Akademi i 1964 og vart utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1959 og til kommandør i 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]