Erling Alvsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Alvsson
Fødd13. hundreåret
Død1283
MorIngeborg Bårdsdatter av Rein
FarAlv Erlingsson (eldre)
BarnAlv Erlingsson (yngre), Ingebjorg Erlingsdottir av Tornberg

Erling Alvsson (12301283) var ein norsk lendmann og frå 1277 baron. Han var av den mektige Tanberg-slekta frå Ringerike.

Han var son til lendmannen Alv Erlingsson (den eldre) og Ingeborg Bårdsdotter, systera til Skule Bårdsson. Far hans var ein av Skule sine næraste i oppreisten mot Håkon Håkonsson.

Erling vart lendmann i 1261. Han deltok i Magnus Lagabøte sitt bryllaup med Ingeborg Plovpenningsdatter, og den etterfylgjande kroningsseremonien i Bergen 1261. To år seinare var han ein av dei fremste lendmennene som var med Håkon Håkonsson på ferda til Skottland. Han kjempa i slaget ved Largs og var ved kong Håkon si side då kongen døydde på Orknøyane same vinteren. Saman med lendmannen Andres Plytt førte Erling skipet med kongsliket tilbake til Bergen våren 1264. Men det er under Magnus Lagabøte han framstår som særleg mektig. Han opptrer ved kongen si side i fleire dokument og garanterte sættargjerda i Tunsberg i 1277.

År 1275 fekk Erling den lukrative posisjonen som syslemann i Borgarsyssel og heldt seg mykje i Sarpsborg resten av levetida. Då svenskekongen Valdemar Birgersson flykta frå riket sitt i 1276, tok han seg over til Sarpsborg og fekk vern av Erling. Seinare deltok Erling og sonen Alv Erlingsson (yngre) i forhandlingane mellom Valdemar og broren Magnus Ladulås.

Etter kong Magnus Lagabøte døydde i 1280 var Erling ein av baronane som utøvde den antikyrkjelege politikken som gjorde at Eirik Magnusson fekk tilnamnet Prestehatar.

Erling må ha hatt ei sterk og sjølvstendig stilling som syslemann. Då han døydde i 1283 arva sonen Alv stillinga hans, eit brot mot lovverket i riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]