Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Orknøyane
2007 Flag of Orkney.svg

Flagget til Orknøyane

ScotlandOrkneyIslands.png
Geografi
Administrasjonsstad: Kirkwall
ISO 3166-2: GB-ORK
ONS kode: 00RA
Folkesetnad
Folketal: 19,245
19 / km²
Politikk
Orkney Islands Council
http://www.orkney.gov.uk

Orknøyane (engelsk Orkney Islands) er ei øygruppe nord for Skottland og ein skotsk region og statthaldarskap. Øyane vert styrte av det lokale regionsrådet Orkney Islands Council. Gruppa av omkring 200 små øyar startar 16 km nord for Caithness. Den største øya vert kalla The Mainland (eit ord som vanlegvis tyder fastlandet).

Administrasjonssenteret er Kirkwall, som ligg på Mainland. Byen har omkring 7000 innbyggarar, mens den einaste andre byen, Stromness, har omkring 2000 innbyggarar (2004). Med totalt drygt 29 000 innbyggarar har Orknøyane det lågaste folketalet av dei 32 skotske regionane.

Innhaldsliste

[endre] Bakgrunnen for namnet Orknøyane

Namnet på øygruppa har røter attende til oldtidsgeografen Klaudios Ptolemaios (fødd 90 e.Kr, død 168 e.Kr) som kalte øyane for Orcades. Det gamle gæliske namnet på øygruppa var Insi Orc som tyder «øya til Orcane» der Orc tyder ung gris eller villsvin. Då dei norske vikingane kom til øya, tolka dei ordet Orc som Orkn, som var eit gammalt norrønt ord for sel eller kobbe. Namnet Orkneyar vart sidan avkorta til Orkney på engelsk.

[endre] Øyar

Den største øya er kjend som The Mainland. Andre øyar vert gruppert ut i frå om dei ligg sør eller nord for hovudøya.

[endre] Nordlege øyar

[endre] Sørlege øyar

I 1468 vart Orknøyane og Shetlandsøyane pantsett av kong Christian I til kong James III av Skottland. Etter som pengane ikkje vart betalt, vart øyane liggjande under den skotske krona.

I sogene om kong Arthur er Orknøyane heimen til Kong Lot, Sir Gareth, Sir Gaheris, Sir Gawaine, og Sir Agravain.

[endre] Språk

Det eldre Norn vart gradvis erstatta av skotsk. I sin tur er dette vorte Skotsk- engelsk.


[endre] Sjå òg

Orkneyinga saga

[endre] Bakgrunnsstoff