Erling Vindenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Vindenes
Fødd30. september 1900
Død29. juli 1984 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Erling Johan Vindenes (30. september 190029. juli 1984) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nordfold i Nordland. Han var stortingsrepresentant frå Nordland og partiet Venstre i tida 1950-61.

Vindenes var son til ein gardbrukar på Håsand i Nordfold. Etter ein skulevinter ved Vågan folkehøgskule gjekk han i tida 1919-21 på Nordland fylkes landbruksskole i Bodin. Frå 1922 til -24 var han folkeskulelærar. I 1927 tok han over farsgarden Håsand, ei tid var han også høvedsmann under lofotfisket.

Bolken 1926-28 var Vindenes medlem av heradsstyret i Nordfold. Sidan var han ordførar i heradet frå 1932 til han var avsett av nazi-styret i 1942. Han fekk tilbake ordførarombodet då verdskrigen var over i 1945 og sat som Nordfolds øvste leiar til 1951. Etter kommunesamanslåing var han ordførar i Steigen i 1966-67.

Hausten 1949 vart Vindenes vald inn på Stortinget for Nordland Venstre. Etter attval i 1953 og -57 gjorde han teneste på Tinget til hausten 1961. I den fyrste fireårsbolken var han medlem av Kommunalkomiteen, dernest sat han fire år i Kyrkje- og undervisningskomiteen og så like lenge i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Han var medlem av landsstyret i Norges Venstrelag frå 1952 til 1968, og i Samferdselskommisjonen av 1955 (1955-60). Elles formann 1938-48 i Nordland landbruksselskap, og i til saman seks år i Norges Herredsforbund i perioden 1952-67.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]