Ernst Berge Drange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Berge Drange
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mai 1954 (69 år)
Yrke historikar

Ernst Berge Drange (fødd 2. mai 1954) er ein norsk lokalhistorikar og bygdebokskrivar, førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Drange vart fødd i Bergen, men bur no på tettstaden Sand i Suldal. Han har i ein mannsalder drive med lokalhistorie og bygdebokskriving. Bygdebøkene han har skrive er fire band Gards- og ættesoge for Tysnes i Sunnhordaland, tre band Gardar og folk for Sand, to band Gardar og folk for Erfjord og tre band Gardar og folk for Jelsa. Dessutan har Drange skrive ein omfattande biografi om barnebokforfattaren Rasmus Løland: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Ei samling publikasjonar av Drange:

  • Uggdal indremisjon (før Opdals missionsforening) 100 år - 1882-1982, 1982.
  • Sjølvberging eller marknadsproduksjon på Tysnes på 16- og 17-hundretalet. Artikkel i Sunnhordland Årbok 1982.
  • Husmannsskipnaden på Tysnes 1600-1800: ei undersøking av form og føresetnader.Magistergradsavhandling i etnologi. Forlaget Folkekultur (Bergen) 1983.
  • Tysnes: Gards- og ættesoge, bind I, 1986.
  • Tysnes: Gards- og ættesoge, bind II, 1987.
  • Tysnes: Gards- og ættesoge, bind III, 1989.
  • Tysnes: Gards- og ættesoge, bind IV, 1991.
  • Bedriftsarkivet og industristad-kulturen. Historisk arkiv ved Sauda Smelteverk A/S og A/S Saudefaldene. Artikkel i Årsskrift Sauda Sogelag 1991.
  • Lokalhistorisk arkiv i Tysnes – ditt eige arkiv? Artikkel i Tysnes kulturminnelag Årsskrift  1991.
  • Samvirkerørsla i Ryfylke. Føresetnader og framvokster. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1992.
  • Setegard og klostergods. Artikkel i Kulturhistorisk vegbok, Hordaland. 1993.
  • Med Suldal i hjarta: Johan Veka: eit hundre årsskrift, av Gunnvor Bakka, Ernst Berge Drange og Ingvar Olimstad (red.), 1996. Artikkelbidrag ”Johan Veka – diktaren, læraren og kulturformidlaren frå Suldal”.
  • Johan Veka – diktaren, læraren og kulturformidlaren frå Suldal. Artikkel i «Med Suldal i hjarta: Johan Veka: eit hundre årsskrift», av Gunnvor Bakka, Ernst Berge Drange og Ingvar Olimstad (red.), 1996.
  • Sand: Gardar og folk, bind I, 1997.
  • Sand: Gardar og folk, bind II, 1998.
  • 98-generasjonen frå Sand i Ryfylke. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1998.
  • Mænd som ved hvad solidaritet er: Sauda Fabrikkarbeiderforening 75-års beretning, 1999.
  • Fartøy og frakt på Sandsfjorden. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1999.
  • Sand: Gardar og folk, bind III, 2000.
  • Hans far ”oprøddede dette pladz fra en Steenhaab til en Gaard som den nu ere”. Om plass-skipnaden og annan ikkje skyldsett utmarks-busetnad i Tysnes i Sunnhordland og Sand i Ryfylke på 1600-talet. Artikkelbidrag i "Arbeid, armslag, armod: husmenn og husmannsordningar på Sørvestlandet", redigert av Nils Olav Østrem, 2000.
  • Folkemusikarar i Ryfylke på 1600-talet. Artikkel i FOLK i Ryfylke 2002.
  • Det eldste Ryfylke. Ei historie om skiftande grenser. Artikkel i FOLK i Ryfylke 2003.
  • Rasmus Løland og dagbøkene hans. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2003.
  • Erfjord: Gardar og folk, bind I, 2004.
  • Erfjord: Gardar og folk, bind II, 2004.
  • Kolbenstvedt – ei framståande slekt frå Suldal. Artikkel i Folk i Ryfylke 2004.
  • Utvandring, sjøfart og langpendling frå Tysnes til ”De nord-amerikanske fristater”. Ein av fleire artiklar i Sogeskrift for Tysnes 2005, med tema ”Til Amerika”.
  • Rasmus Løland: barnebokpioneren frå Ryfylke, biografi, 2007. ISBN 978-82-521-6208-0
  • ”Hvem er Rasmus Løland?”. Artikkel i Syn og Segn 2007
  • Rasmus Løland (1861-1907). Artikkel i Gamalt frå Suldal 2007
  • Svensenfamilien – laksefiskarar både i Columbia River og i Suldalslågen. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2007.
  • Jelsa: Gardar og folk, bind I, 2010.
  • Jelsa – eit lærdomssete i fjordane. Artikkel i Ætt og Heim (Rogaland historie- og ættesogelag) 2011.
  • Nordmenn i Ny-Nederland (New York) på 1620-30-talet - og ein indianartolk frå Ryfylke?. Artikkel i Heimen, 2012.
  • Sauda Lokalarkiv, Artikkel i Folk i Ryfylke 2012.
  • Norwegians in New-Netherland in the 1620s and 1630s. Artikkel i de Halve Maen, Journal of the Holland Society, New York City, 2013.
  • Jelsa: Gardar og folk, bind II, 2013.
  • Jelsa: Gardar og folk, bind III, 2014.
  • Ryfylke-eliten og garden Håland. Artikkel i Folk i Ryfylke 2014.
  • Valskår-tromma. Artikkel i Folk i Ryfylke 2015 (Om tamburtradisjonar  i Sørvest-Noreg).
  • Restauration, det første norske utvandringsfartøyet: Stavanger – New York City, St. Croix. Artikkel i Folk i Ryfylke 2016.
  • Kva skjedde med Restauration, det første norske utvandringsfartøyet? I Mellom sky og havsens grunne. Nylesninger i Alfred Hauges forfatterskap. Novus Forlag, Oslo 2016.
  • Den tredje eksponeringa. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2016, Ernst Berge Drange og Ove Lagarhus Svendsen (Om ei biletserie frå strandstaden Sand 1866/67).
  • Kulturmøte i fjordane og verdsbyen – ryfylkingar og nederlendarar. Artikkel i Folk i Ryfylke 2018.
  • «Du e for liten te å vera min dommar». Artikkel i Lokalhistorisk Årbok for Rogaland 2018 (om den legendariske Eli Aas i Sandsfjorden (1732-1815)).
  • Hertug Tjelmeland og grev Løland. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2020.
  • Norwegians in America during the Dutch Colonial Period – A Forgotten Story. Artikkel i Norwegian-American Essays 2020.
  • Johannes Heggland. Dokumentarist og forteljar. Nærblikk på eit forfattarliv (1919-2008), John Grieg Forlag 2021 Suldal.
  • Gardar og folk bind I, Suldal kommune 2021.
  • «Sauda Lokalarkiv. Viktig samarbeid mellom lokale krefter og museer». Artikkel i Lokalhistorisk magasin nr. 2/2022
  • «Streiken i 1962». Artikkel i Sauda sogelag årsskrift 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]