Espanyol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i UEFA-cupfinalen 2007 i Glasgow mellom Sevilla FC (raud) og Espanyol

Reial Club Deportiu Espanyol de Barcelona, til vanleg berre Espanyol, er eit idrettslag i Barcelona i Spania, skipa i 1900. Idrettslaget er særleg kjend gjennom fotballaget sitt, som spelar i Primera Division, toppdivisjonen i Spania. Fotballaget Espanyol har sidan 2009 spela heimekampane på Estadi Cornellà-El Prat, eit tribuneanlegg med plass til 40 500 tilskodarar. Laget spelar i blå og kvite drakter.

Fotballaget har nådd finalen i UEFA-cupen to gongar. I 1988 tapte Espanyol mot Bayer Leverkusen, medan det i 2007 tapte mot Sevilla FC. Både i 1988 og 2007 enda finaleane uavgjort, før Espanyol gjekk tapande ut av straffeskytingane. Espanyol har vunne den nasjonale cupmeisterskapen, Copa del Rey, i 1929, 1940, 2000 og 2006.

Idrettslaget Espanyol deltek elles aktivt med basketballag for både menn og kvinner, lag i volleyball og fotball for kvinner, samt i baseball og landhockey for menn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]