Eureka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vitseteikning av Arkimedes før eureka-augneblinken. Frå The Comic History of Rome.

Eureka (gammalgresk ηὕρηκα /ˈheʷreːka/, 'eg har funne det') er eit kjend uttrykk for å ha kome på ei genial løysing. Uttrykket er tillagt den greske matematikaren Arkimedes etter at han kom fram til at ein kan måla volumet til ein uregelmessig gjenstand ved å senka han ned i vatn.

Eureka-historia stammar frå De Architectura av den romerske arkitekten Vitruvius. Verket blei skrive på 20-talet f.Kr., medan Arkimedes levde på 200-talet f.Kr. I følgje historia skal Arkimedes ha fått i oppdrag av kong Hieron av Syrakus (Siracusa) å finna gullinnhaldet i ei krone han hadde fått laga. Arkimedes fann løysinga medan han bada, og sprang naken gjennom gatene i byen medan han ropte «Heureka!» (første person eintal av «heuriskein», 'å finna').

Det Arkimedes la merke til var at ein gjenstand vil fortrenga eit like stort volum væske som det han sjølv har om han blir senka ned i henne. Dersom krona hadde rett gullinnhald ville ho fortrenga like mykje vatn som eit gullodd med same vekt. Dersom gullet i krona derimot var blanda ut med sølv, ville ho vera større enn gulloddet, fordi sølv har lågare massetettleik enn gull.

Denne enkle oppdaginga og forteljinga rundt henne er betre kjend enn viktigare oppdagingar Arkimedes gjorde, som Arkimedes' lov om oppdrift.

Seinare bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Eureka er seinare blitt brukt som eit generelt uttrykk for at ein har funne noko fint. Det er ordspråket til den amerikanske delstaten California til minne om gullfunnet der i 1848. Ein gruvearbeidaroppstand i Australia i 1854 blei kalla Eureka Stockade, og flagget opprørarane brukte er seinare blitt kalla Eureka-flagget.

Ordet er òg blitt brukt som namn for fleire stader, særleg i USA, der Eureka i California er den største. Eurekabreen i Antarktis er òg kalla opp etter ordet. Det er namnet til asteroiden 5261 Eureka, den fyrste funne trojanske asteroiden til planeten Mars.

Ein annan naturleg bruk av ordet er som namn på vitskapsføretak. EUREKA er namnet på eit felleseuropeisk vitskapssamarbeid, medan Heureka i Vantaa er eit finsk vitsskapssenter.

Fleire filmar og fjernsynsseriar har heitt Eureka, og det er tittelen på eit prosadikt av Edgar Allen Poe.

Ordet er vist til humoristisk mellom anna i den britiske fjernsynsserien Doctor Who, der doktoren forklarer at 'eureka' tyder «Badevatnet er for varmt» [1] og i Discworld-serien av Terry Pratchett, der Cohen the Barbarian seier at det tyder «Gje meg eit handklede»[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia: Eureka og Eureka (word)

  • Vitruvius: De Architectura (eng./lat.)

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. «This bath is too hot» (The Talons of Weng-Chiang, 1977)
  2. "Give me a towel" (Interesting Times, 1994)