Evangelisten Lukas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Evangelisten Lukas. Bilete frå tideboka (bønneboka) Les Très Riches Heures du duc de Berry, Musée Condé, Paris, Frankrike.

Lukas (frå romersk Lukanus eller Lukius), levde i det første hundreåret. Lukas (לוקא, gresk: Loukas) er nemnd i Det nye testamentet som lækjar og som Pauli medarbeidar og følgjesvein. I Paulus’ andre brev til Timoteus (4,11) er Lukas omtalt som den som er hjå Paulus til det siste. Etter kyrkjeleg tradisjon er det denne Lukas som har skrive Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane.

Etter ein legende som oppstod tidleg i mellomalderen skulle Lukas òg vere målar. Han skal ha måla det første ikonet, eit bilete av Jomfru Maria, Guds mor, «Hodigitria». Det finst ikkje dokumentasjon for denne legenda.

I eit forsøk på å gjere Lukas til augnevitne til Jesus, vart han tidleg rekna blant dei 70 læresveinane Jesus sende ut i følgje Lukasevangeliets 10. kapittel. Heller ikkje denne tradisjonen finst det dokumentasjon for..

Lukas vert symbolisert med ein okse eller okse med venger, fordi evangeliet han skreiv byrjar med forteljinga om at Sakarja leier eit offer i tempelet. Oksen var eit vanleg offerdyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Evangelisten Lukas