Eventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit eventyr er enkelt sagt ei forteljing som ikkje gjev seg ut for å vera sann, i motsetnad til segna. Eventyret har gjerne overnaturleg innhald og er som regel oppstått og overført på folkemunne. Forteljingane har likevel òg blitt påverka av eventyrsamlarar og forfattarar som har tolka dei på sin eigen måte.

Eventyra har hatt mange funksjonar, frå det reint underhaldande til oppseding. Sjølv om eventyr oftast vert rekna som barnelitteratur, er det også skrive eventyr med innhald klart mynta på vaksne.

Eventyra er ikkje knytt til ei bestemt tid eller rom, men føregår gjerne i ei verd der alt har ei meining og det magiske ikkje er overraskande.

Eventyra kan delast inn i tre hovudgrupper:

  • Eigentlege eventyr

Eventyra delast inn i to hovudgrupper : kunsteventyr og folkeeventyr.

Det er mogleg å sjå felles strukturar/funksjonar i eventyra, og det finst fleire analysemetodar som kan nyttast; m.a. Vladimir Propps funksjonar, Olriks episke lover, aktantmodellen m.m.

Desse forteljingane har spreidd seg frå kultur til kultur med småendringar undervegs. Ved å sjå på nedskrivingar frå ulike tider kan ein spora til dømes eit norsk eventyr til oldtids-India.

Særtrekk frå eventyrsjangeren kan også finnast i moderne journalistikk.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.