Journalistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Journalistikk er arbeidet med å dokumentere hendingar i samtida. Ein journalist si oppgåve er å samle saman informasjon og nå folk gjennom forskjellige media. Det kan vere å gjere informasjon, politikk eller kultur offentleg, å halde ein kritisk debatt om samfunnet og samtida, legge eit press på makthavarane i samfunnet og utøve kritikk mot andre media og journalistar. Media blir difor ofte kalla den fjerde statsmakt.

Kriterium for nyhende[endre | endre wikiteksten]

Kvar dag strøymer det inn med tips til redaksjonen i ei avis, radio- eller TV-stasjon. Då er journalisten sin jobb å vurdere kva som er viktig. I ei kommersiell medieverd vil dette også vere ei vurdering av kva som sel best. Difor vel redaksjonen ut kva nyhende som skal veljast ut frå nokre krav:

  1. Geografisk nær. I ei norsk avis vil ein prioritere ei hending i Noreg heller enn i Sverige, og Sverige framfor Kenya. Ei lokalavis vil velje lokale hendingar framfor nasjonale.
  2. Kjensler. Om avstandane er så store at det normalt vil vere uaktuelt for eit medium å rapportere om saka, kan denne prioriteringa endre seg om nokon i mediet sitt dekningsområde er involvert.
  3. Nærleik i tid. Tid er et viktig kriterium i nyhendeformidlinga. Det vil alltid vere meir aktuelt å rapportere om noko som har skjedd nyleg enn noko som skjedde for ei stund sida.

Typar journalistikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]