Fëanor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fëanor (Quenya: Eld-ånd), er namnet på ein sentral alvefyrste i J.R.R. Tolkiens mytiske verd. Han har mykje plass i Silmarillion.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Fëanor var eldste son av Finwë, kongen over noldoane, og vart fødd i Valinor. Mor hans var Miriel Serindë. Men det å setja guten til verda, tappa mora for krefter, slik at ho sistpå let ånda si fara, og lekamen hennar vart liggjande i hagane til valaen Irmo (Lórien). Fëanor vart sidan fostra av faren. Opphavleg hadde han namnet Curufinwë, men vart kalla Fëanor på grunn av den heite lidenskapen hans, og det framfuse lynnet. Då faren seinare tok seg nytt gifte, drog Fëanor seg unna og levde sitt eige liv, og samla seg om smedkunst og handverk.

I Valinor gifta han seg med Nerdanel, dotter av smeden Mahtan, og ho gjorde ofte det ho kunne for å roe Fëanor når villsinnet greip han. Med tida let ho han vera, og dei to hadde mindre kontakt. Men ho fødde han sju søner: Maedros, Maglor, Celegorm, Caranthir, Curufin, og tvillingane Amrod og Amras. Somme av desse var mildare i hugen, som mora, andre likna meir på faren.

Fëanor skapte mangt underfullt i Valinor, mellom anna skriftteikn til bruk for folket sitt, dei fëanoriske teikna, eller Cirth, som dei vart kalla. Han gjorde og dei sju Palantírane, eller synesteinane, som seinare vart skjenkt Númenor.

Silmarillane[endre | endre wikiteksten]

Det største einskilde verket til Fëanor var dei tre silmarillane, som kvar og ein hadde i seg lyset frå Valinors to tre, Telperion og Laurelin. Dette storverket var han nært knytt til, og skilde seg ikkje gjerne frå dei. På grunn av dei løgnene Melkor sette ut, byrja Fëanor å vakte dei meir inderleg, og heldt dei med tida nedlæste i Formenos, hans eigen festning nord i Valinor. Samstundes sytte desse løgnene for at Fëanor kom i trette med Fingolfin, halvbroren, og drog sverd mot han framfor kongens sete i byen Tirion. Då vart Fëanor landlyst frå Tirion, og dette førte med tida og til at kongetittelen gjekk til Fingolfin.

Då han vart jaga frå Formenos av Fëanor sjølv, svor Melkor hemn, og sytte for at dei to trea vart drepne, og sidan stal han silmarillane med hjelp av maiaen Ungoliant. Då silmarillane vart stolne, vart og Finwë drepen, og Fëanor svor hemn over Melkor, som han no kalla Morgoth. I illvreide kalla han alle av noldofolket til seg og eggja dei til å reise attende til Midgard, og trudde i fullt alvor at valane hadde lurt dei til Valinor i fangenskap. Han fekk med seg to tredelar av heile folket, og han og sønene hans svor Fëanorseiden, som kravde silmarillane attende, same kven som hadde teke dei. Denne eiden førte til mange ulykker for folket seinare.

Bannlysinga og flukta[endre | endre wikiteksten]

Fëanor valde å reise til Midgard over sjøen, men då trong han skip. Desse skipa vart tekne med makt frå Teleriane på Tol Eressëa, sidan desse ikkje ville gje dei frå seg. Denne hendinga vart seinare omtala som det første frendedrapet, og dette førte seinare til stor uvilje mellom gråalvar og høgalvar i Midgard. Men ei annan og meir alvorleg følgje var at Mandos synte seg og bannlyste dei til utlægd for denne gjerningen og Fëanors trass. Fëanor var no heilt frå seg, sette segl med sønene sine og sine næraste, og let broren Fingolfin med søner og folk, og attåt sønene til Finarfin, yngste broren, greie seg sjølve. Desse laut sidan krosse den kvernande isen i sundet Helcaraxë med store tap, og var ikkje venleg stilte til Fëanor etter det.

Slaget under stjernene[endre | endre wikiteksten]

I Midgard samla Fëanor folka sine og gjekk beint til åtak på festninga til Morgoth utan hell. Det kom sidan til tinging der båe sider vera svik, og kom med større folkemakt enn dei hadde lova. Fëanor sjølv vart teken i bakhald og slegen ned av balrogar, og døydde med ein siste forbanning mot Morgoth, og kravde at sønene skulle halde eiden, sjølv om han skjøna dei aldri ville greie det. Då ånda hans for av, var ho så heit at lekamen hans brann opp, og Fëanor hadde dermed inga grav i Midgard.

Tidleg legendarium[endre | endre wikiteksten]

Fëanor var tidleg til stades i Tolkiens tekster, og har ei tilsvarande rolle i The Book of lost tales. Men her var ikkje silmarillane så framtredande, og Fëanor var heller ikkje son av Finwë. Den seinare tretta med halvbroren Fingolfin var heller ikkje tilstades. I den opphavlege versjonen av forteljinga kan det sjå ut som om heile alvefolket reiste attende til Midgard for å slåst mot Melko(r), medan det endelege legendariet skil ut noldofolket særskilt.