Silmarillion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Quenta Silmarillion er ei sogesamling skriven av J.R.R. Tolkien. Tittelen er alvisk og tyder Soga om silmarillane. Sogesamlinga er rekna som kjernestoffet i Legendariet. Denne samlinga utgjer hovudbolken av den utgjevne boka The Silmarillion (Norsk: Silmarillion), til skilnad frå Ainulindalë, Akallabêth og Of the rings of power and the third age, som alle vart utgjevne som tilskot til Quentaen i same boka.

Opphavet til boka[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnen for Silmarillion-teksta er sogene om The fall of Gondolin og the tale of Lúthien, som vart til The Book of Lost Tales, som Tolkien byrja skrive medan han låg sjuk under første verdskrigen. Han akta å lage ein sogesyklus om alvane og ei attgjeving av gamalt mytestoff i ein «mytologi for England», som han kalla det. Denne boka vart aldri ferdig, men Tolkien heldt fram å brigde stoffet i åra som følgde, i episke vers og i ein simarillion-versjon han ønskte å få trykt i 1936. Dette verket vart stogga av arbeidet med Hobbiten og seinare Ringdrotten. Den opphavlege Silmarillionteksten vart liggande av di forlaget rekna boka som heller vanskeleg.

Etter The Lord of the Rings gjekk Tolkien attende til Silmarillion-stoffet, men laut brigde det omatt for å få det til å høve med handlinga i dei andre bøkene som var kome i mellomtida. Han var framleis ikkje ferdig då han døydde i 1973, og sonen Christopher Tolkien arbeidde saman alle utkasta til boka The Silmarillion som kom ut i 1977. Her er og opphavsmyten og soga om Númenors fall med, og ei attgjeving av hendingane som førde fram til ringkrigen på enden av tredje heimsæva (handlinga i The Lord of the Rings).

Emne i boka[endre | endre wikiteksten]

Namnet er teke frå hovudemnet i verket, silmarillane, som vart tekne av den vonde Morgoth. Soga fortel korleis Noldoane eller djupalvane fór i hærtog mot han for å vinne dei att, og fortel om det meste av første heimsæva. Boka fortel og om korleis verda vart skapt, om opphavet til sola og månen, og om korleis manneætta kom til. Forteljinga er eit viktig tilskot til forståing av bakgrunnen for Ringdrotten.

Musikk inspirert av Simlarillion[endre | endre wikiteksten]

Det britiske progrockbandet Marillion vart starta i 1979 og kalla seg opphavleg Silmarillion etter boka, men korta ned namnet før dei gav ut det første albumet sitt i 1981.