Fønikia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Middelhavet med Fønikia, i aust, markert med oransje og raude piler som syner dei fønikiske handelsvegane.

Fønikia var ein semittisk sivilisasjon som i oldtida låg langs kysten av det som i dag er Syria og Libanon, nord i det gamle Kanaan, mellom Libanonfjella og Middelhavet. Dei fønikiske handelsrutene gjekk frå hamnebyane Sidon, Byblos og Tyr og førte varer og fønikisk kultur til Kypros, Kreta, Kartago og andre stader ved Middelhavet.

Fønikisk mynt

Fønikia var ein maritim handelskultur som spreidde seg rundt om i Middelhavet i det første årtusenet før vår tidsrekning. Folket som levde i Fønikia, kalla seg sjølv Kananene, mens namnet Fønikia er danna av det greske Foiniki - Φοινίκη, «det raude folket», etter ordet foinos som tyder «raud», fordi fargestoffa purpur og karmosinraudt vart produsert der.

Det fønikiske alfabetet og det tidlegare hebraiske alfabetet var hovudgreinene i det kanaanesiske alfabet, som igjen var ein av fire hovudgreiner av det nordsemittiske alfabetet som utvikla seg i middelhavsområdet kring år 1000 fvt..

Fønikarane la tuftene til byen Karthago, som etter kvart vart ein stormakt og erobra dei andre koloniane til fønikarane i det vestlege Middelhavet. Seinare vart byen øydelagt av romarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fønikia
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.