Kreta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For periferien med same namn, sjå periferien Kreta
Candia vert omdirigert hit. Dette var òg det italienske namnet på byen Iráklio
Kreta
Lokalt namn: Κρήτη
Ájos Pávlos sør på Kreta
Ájos Pávlos sør på Kreta
Geografi
GR Kreta.PNG
Stad Egearhavet
Koordinatar 35°N 24°EKoordinatar: 35°N 24°E
Areal 8 336 km²
Høgaste punkt Psilaroitis (2 456 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieiningar
Kreta
Khaniá
Réthymno
Iráklio
Lasíthi
Største busetnad Iráklio (137 711 innb.)
Demografi
Folketal 623 666 (2005)
Folketettleik 75 /km²

Kreta (gresk Κρήτη, Kriti) er den største øya i Hellas og den femte største i Middelhavet med eit areal på 8 336 km².

Kreta er ein av dei tradisjonelle regionane i landet. I dag høyrer øya administrativt til periferien Kreta og omfattar dei fire periferieiningane, tidlegare prefektura, Khaniá, Réthymno, Iráklio og Lasíthi.

Kreta er ein populær turiststad med attraksjonar som dei minoiske stadane Knossos og Faistos, den antikke staden Gortyna, den venetianske borga Réthymno og Samariáravinen, i tillegg til mange andre naturområde, monument og strender.

Kreta var sentrum for den minoiske sivilisasjonen (om lag 2600–1400 fvt.), den eldste sivilisasjonen i Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Typisk sommarlandskap på Kreta
Hellas og Kreta

Kreta var sentrum for den eldste sivilisasjonen i Europa, den minoiske sivilisasjonen. Ein veit lite om opphavet til denne kretiske høgkulturen sidan det finst svært få skrivne kjelder, og mange av dei som finst er skriv med eit skriftspråk som ikkje er tyda enno, kalla Linear A. Dette står i kontrast til dei flotte palassa, husa, vegane, måleria og skulpturane som finst. Sjølv om tidleg kretisk historie er basert på segner (som dei om Kong Minos, Thesevs og Minotauren, og Daedalos og Ikaros) som antikke greske historikarar og diktarar (som Homer) har skrive ned, veit ein at dei første busetnadane på Kreta, i førkeramisk steinalder, innførte drift av kveg, sau, geit, gris og hund, i tillegg til at dei dyrka korn og belgfrukt.

I antikkens Roma vart Kreta involvert i dei mithridatiske krigane då Roma mistenkte dei for å støtte Mithridates VI av Pontus. Marcus Antonius Creticus gjekk til åtak på Kreta i 71 fvt. og vart slått tilbake. Roma sende Quintus Caecilius Metellus med tre legionar til øya. Etter eit blodig treårig langt felttog vart Kreta erobra av romarane i 69 fvt., og Metellus fekk tilnamnet Creticus. Resultat var at Gortyn vart hovudstaden i ein provins som stundom slo Cyrenaica saman med Kreta. Kreta vart ein del av Austromarriket, ei roleg kulturell bakevje, fram til ho vart erobra av arabarar (Al-Hakam I) i 824, som oppretta eit emirat på øya. I 960 gjenerobra Nikeforos Fokas Kreta for austromarane, som haldt øya fram til 1204, då kom under Venezia etter det fjerde krosstoget. Venetianarane hadde øya fram til 1669osmanske tyrkarar erobra øya.

Under oppdelinga av Austromarriket etter erobringa av Konstantinopel under det fjerde krosstoget i 1204 vart Kreta til slutt overtatt av Venezia, som hadde øya i meir enn fire hundre år. Under det venetianske styre vart renessansen innført for den greske folkesetnaden på Kreta. På 1600-talet vart Venezia pressa bort frå Kreta av Det osmanske riket, etter at det meste av øya gjekk tapt etter omleiringa av Kandia (16481669), sannsynlegvis den lengste omleiringa i historia.

Den greske sjølvstendekrigen starta i 1821 og Kreta spelte ei stor rolle. Eit opprør blant kristne vart slått hardt ned på av dei osmanske styresmaktene og fleire biskopar, som vart rekna som ringleiarar, vart avretta. Mellom 1821 og 1828 var øya åstad for fleire kamphandlingar. Ein er ikkje heilt sikker, men ein reknar med at så mykje som 45 % av folkesetnaden på øya kan ha vore muslimar på slutten av krigen. Somme av desse var kryptokristne som konverterte tilbake til kristendom. Mange andre flyta frå Kreta på grunn av uroa. I 1900 var berre 11 % av folkesetnaden muslimar, og dei vart vanlegvis kalla tyrkarar uansett språk, kultur og opphav. Dei som vart igjen vart tvunge bort 1924 under folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia.

Under den andre verdskrigen var øya åstad for slaget om Kreta (mai 1941), der tyske fallskjermstyrkar invaderte øya. Dei greske, britiske, australske og newzealandske soldatane som allereie var på øya, vart slått attende grunna mangel på luftstøtte og antiluftskyts. Dei tyske tapa var på 60–70 % berre under luftoverfallet. Tyskarane mista 6500 mann, medan dei allierte mista meir enn 15 000. Tyskarane hadde rekna med å bli mottatt som befriarar av den greske lokalbefolkninga, men det vart dei ikkje. Lokalbefolkninga svarte i staden med partisanrørsler og generell motstand imot tyskarane, som på si side utførte grusomme represaliar mot sivilbefolkninga.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kreta er den største øya i Hellas og den nest største (etter Kypros) i den austlege delen av Middelhavet. Kreta har ei langstrakt form og er 260 km frå aust til vest og 60 km på det breiaste, sjølv om øya er smalare enn dette på enkelte punkt, slik som i Ierapetra der ho berre er 12 km brei. Ho dekkjer eit areal på 8 336 km² og har ei kystlinje som er 1 046 km lang. I nord grenser Kreta til Kretahavet (gresk Κρητικό Πέλαγος), i sør til Libyahavet (gresk Λιβυκό Πέλαγος), i vest til Myrtoonhavet, og i aust til Kárpathoshavet. Ho har om lag 650 000 innbyggjarar. Øya ligg om lag 160 km sør for det greske fastlandet.

Kreta er svært kupert og har ei høg fjellkjede som går frå vest til aust. Fjellkjeda er delt inn i tre grupper. Desse er:

  • Dei kvite fjella eller Levká Óri (2 452 moh);
  • Idikjeda (Psilorítis (35°11′N 24°49′E) 2 456 moh);
  • Diktifjella (2 148 moh);
  • Kedros (1 777 moh);
  • Thripti (1 489 moh)

Desse fjella har gjeve Kreta frodige sletter som Lasíthi, Omalos og Nidha, grotter som Diktaion og Idaiongrotta, og raviner som Samariáravinen, som er eit verna område og heimstad for kri-kri. Dei kretiske fjella og ravinane er tilfluktsstad for den utryddingstrua lammegribben (Gypaetus barbatus).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kreta ligg mellom to klimasoner, middelhavsklima og det nordafrikanske klimaet. Klimaet på Kreta er derfor temperert. Lufta kan verte nokså fuktig, avhengig av kor nær sjøen ein er. Vinteren er forholdsvis mild. Snøfall er vanleg i fjella mellom november og mai, men er sjeldan i lågareliggande område, særleg nær kysten der han berre ligg nokre minutt eller timar. I februar 2004 vart derimot øya råka av ei kuldebølgje der heile øya vart dekt av snø. Om sommaren er middeltemperaturen rundt 30 °C, med maksimumstemperatur opp til 45 °C.

Sørkysten, inkludert Messarasletta og Asterousiafjella, høyrer til den nordafrikanske klimasonen og har derfor langt fleire dagar med sol og høge temperaturar gjennom året. I dette området ber dermed daddelpalmen frukt året rundt, medan svaler ikkje trekkjer sørover til Afrika.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien på Kreta, som hovudsakleg var basert på jordbruk, byrja å endre seg på 1970-talet. Jordbruk og dyreavl er framleis ein vesentleg del av økonomien på grunn av klimaet og terrenget på øya, men det har vore eit fall i fabrikkindustri og ein kraftig auke i servicenæringa (hovudsakleg turisme). Alle tre sektorar i den kretiske økonomien (jordbruk, foredling, service) er avhengige av kvarandre. Kreta har ein gjennomsnittleg inntekt per innbyggjarar som er nær 100 % av det greske gjennomsnittet. Arbeidsløysa er om lag 4%, halvparten av arbeidsløysa for heile Hellas. Som i andre område av Hellas er dyrking av oliven ei vesentleg næring.

Øya har tre store flyplassar, Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis ved Iráklio, Khaniá internasjonale lufthamn, Ioánnis Daskalogiánnis ved Khaniá og ein mindre ein i Sitía. Dei fyrste to er internasjonale og tar imot tusenvis av turistar.

Kjende personar frå Kreta[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Kreta (NASA)

Byar[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane på Kreta er

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart over Kreta

Kreta er ein av dei største turistdestinasjonane i Hellas. 15 % av alle ankomstar til Hellas skjer via byen Iráklio (hamn og flyplass), medan charterturar til Iráklio består av om lag 20 % av dei totale charterturane til Hellas. Totalt vitja meir enn to millionar turistar Kreta i 2005. Auken av turisme ser ein igjen i talet på hotellsenger, som auka med 53 % frå 1986 til 1991, medan auken i resten av Hellas berre var 25 %.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kreta
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Crete frå Wikivoyage

Kjelde[endre | endre wikiteksten]