Førrevassdammen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førrevassdammen er ein betongdam med flaumoverløp, og er ein av 14 dammar som demmer opp den regulerte innsjøen Blåsjø. Han strekk seg over Førrejuvet, der Førreåna tidlegare rann. Med eit volum på om lag 255.000 m³ er han den største betongdammen i Noreg.[1] Lengda er om lag 1300 m.
Det blei ikkje brukt armeringsstål i konstruksjonen, og sidan det ikkje var sand tilgjengeleg i nærleiken, måtte ein knusa stein til bruk i betongen.
Kjelder [endre]
| Ulla-Førre | ||
|---|---|---|
| Kraftverk | Hylen kraftverk · Kvilldal kraftverk · Saurdal kraftverk · Stølsdal kraftverk | |
| Magasin | Blåsjø · Sandsavatnet · Suldalsvatnet | |
| Dammar | Førrevassdammen · Oddatjørndammen · Storvassdammen | |