Suldalsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suldalsvatnet
Suldalsvatnet - Kveldsstemning ved Suldalsvatnet
Kveldsstemning ved Suldalsvatnet
Stad Suldal kommune (Rogaland)
Koordinatar 59°29′45″N 06°32′16″EKoordinatar: 59°29′45″N 06°32′16″E
Overflateareal 27,53 km²
Største djupne 376 m
Vassvolum 4,49 km³
Kystlengd1 69,43 km
Høgd over havet 68 moh.
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Suldalsvatnet er ein innsjø i Suldal kommune. Vatnet strekkjer seg frå Roalkvam i nordaust, til Suldalsosen i sørvest. Suldalsvatnet har i alle år vore ei sentral ferdselsåre i Suldal. I tidlege tider var det robåtane som prega ferdsla, men i 1885 vart Suldalsdampen sett inn i passasjertrafikk på vatnet. På 1930-talet kom ferja Suldalsporten, som trafikkerte strekninga NesflatenSolheimsvik. I samband med Ulla-Førreutbygginga i 1970- og 1980-åra vart det etablert bilveg langs vatnet, og rutetrafikken vart innstilt. Samstundes blei vatnet regulert med dam ved Suldalsosen, og det blei etablert kraftverk i Hylen.

Suldalsvatnet er også kjent for det gode fiske, og kvart år vert Storaure-festivalen arrangert på Nesflaten.