FM (No Static at All)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FM (No Static at All)
Singel av Steely Dan
frå albumet FM
Språk engelsk
Utgjeve Mai 1978
Innspelt 1977
Studio Capitol Studios, Hollywood;
Armand Steiner Soundlab,
Studio 55,
Village Recorder[1]
Sjanger Jazzfusion
Lengd 4:52
Selskap MCA
Tekstforfattar Donald Fagen
Låtskrivar(ar) Walter Becker, Donald Fagen
Produsent Al Schmitt[2]
Steely Dan-kronologi 
«Deacon Blues»
(1977)
FM (No Static at All) «Josie»
(1978)


«FM (No Static at All)» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, og tittelsongen til filmen FM frå 1978. Songen kom ut på singel og nådde topp 40 på den amerikanske Billboard-lista. Musikalsk er songen ein kompleks jazzrocksong driven av bass, gitar og piano, som var typisk for bandet på denne tida. Teksten er eit skeivt blikk på album-orientert rock-formatet som mange FM-radiostasjonar spelte på denne tida, i motsetnad til filmen som hyllar dette formatet.[3]

«FM» var den første singelen Steely Dan gav ut på MCA Records (som hadde gjeve ut filmmusikkalbumet), og skjedde før MCA kort tid etter kjøpte opp ABC Records, som var selskapet til bandet fram til då. «FM» var blitt spelt inn under same innspelinga som albumet Aja, med somme av dei same studiomusikarane og teknikarane som spelte inn albumet, inkludert medlemmane og låtskrivarane Walter Becker og Donald Fagen. Blant musikarane var saksofonisten Pete Christlieb og trommeslagaren Jeff Porcaro; fleire medlemmar av Eagles song korvokal.[4]

Det var første gongen Becker og Fagen hadde skrive musikk for ein film sidan You've Got to Walk It Like You Talk It or You'll Lose That Beat i 1971, eitt år før debutalbumet til Steely Dan kom ut. «FM» inkluderer òg strykarar arrangert og dirigert av Johnny Mandel, som var andre gongen bandet hadde nytta strykarar på ein song.[5] Det var òg den einaste gongen at Becker (bass og gitar) og Fagen (piano) spelte hovudtyngda av instrumenta på albumet sjølv.[5] Lydteknikaren Roger Nichols vann Grammyprisen det året for beste lydinnspeling (ikkje-klassisk musikk) for arbeidet sitt på «FM», som var einaste gongen prisen vart gjeven for ein enkel song.[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australia KMR 87
Canada RPM Top Singles 19
New Zealand 19
Spania (Los 40 Principales) 1
UK (OCC) 49
US Billboard Hot 100[6] 22
US Cash Box Top 100[7] 24

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada [8] 152
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[9] 148

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Citizen Steely Dan». SteelyDan.com. Arkivert frå originalen 2. mars 2018. Henta 17. mai 2019. 
  2. Senior, Mike (2011). Mixing Secrets. 30 Corporate Drive, Suite 400, Burlington, MA 01803, USA: Elsevier Inc. s. 316. ISBN 978-0-240-81580-0. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Breithaupt, Donald (2007). Aja. London: Bloomsbury Publishing. s. 69–73. ISBN 9780826427830. Henta 15. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Sweet, Brian (2007). Steely Dan:Reelin' in the Years. Music Sales Group. s. 225–6. ISBN 9781846098819. Henta 15. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 Aaron, S. Victor (22. april 2012). «Steely Dan Sunday, «FM (No Static At All)» (1978)». Something Else Reviews. Henta 15. januar 2021. 
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  7. «Cash Box Top 100 7/29/78». Tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 15. februar 2015. Henta 4. juni 2018. 
  8. «Top 200 Singles of '78 – Volume 30, No. 14, December 30 1978». RPM. Library and Archives Canada. Henta 9. januar 2021. 
  9. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  10. «Sweden». AllMusic. 2014. Henta 18. desember 2014. 
  11. 11,0 11,1 «3rd Bass's No Static At All». WhoSampled. 2014. Henta 18. desember 2014. 
  12. «Plays Chick, Donald, Walter and Woodrow». AllMusic. 2014. Henta 18. desember 2014.