Falabella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falabellaen er ein miniatyrhest som er avla fram av familien Falabella i Argentina.
Innhaldsliste |
[endre] Raseskildring
Falabellaen er ein av dei minste hesterasane som fins. Ein vaksen falabella kan vere så liten som 70 cm i mankehøgd. Dei er for små til å bli brukt til riding, og er i all hovudsak selskapsdyr.
[endre] Historie
I laupet av dei siste 150 åra har falabellaen blitt avla fram frå mellom anna criollo, shetlandsponni, welsh mountain og særskilt små individ av engelsk fullblodshest.
[endre] Førekomst
Falabellaen stammar frå Argentina, men har spreidd seg til store delar av verda. Falabellaen er særs sjeldan, og det finst på verdsbasis berre nokre få tusen individ. I Noreg fins det nokre få individ.