Falck Ytters plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′32.4″N 10°44′43.4″E / 59.925667°N 10.745389°E / 59.925667; 10.745389

Fotballbanen Falck Ytters plass sett mot bustadblokkene i Bjerregaards gate i front og Ungers gate til høgre, fotografert i september 2007. Pyramidetaket på tårnet av Gamle Aker kyrkje kan skimtast i bakgrunnen til venstre i biletet. Høghuset til høgre i biletet høyrer til St. Hanshaugen studentby, eigd av Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus.
Foto: Helge Høifødt

Falck Ytters plass er ein offentleg plass på Ila i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Plassen fekk namnet i 1933 etter barnebokforfattar og embetsmann Oluf Vilhelm Falck-Ytter (1832–1914). Ofte vert namnet på plassen skrive med ch i staden for ck i Falck, altså Falch Ytters plass, men det er ikkje rett.

Falck Ytters plass med Ilagarasjen under, fotografert i 1961. Bjerregaards gate i framgrunnen.
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum

Plassen er 5,2 mål stor og vert avgrensa av gatene Waldemar Thranes gate, Ungers gate, Bjerregaards gate og Brandts gate. Det offentlege arealet eller sjølve plassen, som for det meste er ein fotballbane med kunstgras, ligg oppå eit butikk- og bustadbygg kalla St. Hanshaugen senter, der det er garasje i fyrste høgda og i ein underetasje, og husvære i eit bygg langsetter Bjerregaards gate. Dette vart bygd på byrjinga av 2000-talet som ei ominnreiing og tilføying av ein ny etasje på det gamle garasjebygget som vart kalla Ilagarasjen, der det hadde vore fotballbane på taket om sommaren og islagt bandybane om vinteren, kjend som Ilabanen.