Faradaykonstanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Faradaykonstanten er mengda elektrisk ladning per mol elektron. Den noverande aksepterte verdien av konstanten er

F = 96,485.3365(21) C/mol

Konstanten F har eit enkelt tilhøve til to andre fysiske konstantar:

F\,=\,eN_{A}

der:

e = 1,6021766×10−19 C
NA = 6,022141×1023 mol−1

NA er Avogadrokonstanten (forholdet mellom talet på partiklar 'N' til mengda av stoffet 'n' i mol), og e som er elementærladninga eller storleiken på ladninga til eit elektron. Dette forholdet gjeld fordi mengda av ladning av 1 mol elektron er lik mengda av ladninga til eitt elektron multiplisert med talet på elektron i éin mol.

Verdien av F vart først avgjort ved å vege forholdet av sølv avsett i ein elektrokjemisk reaksjon som vart utsett for ein målt straum ove ei målt tid, og ved hjelp av Faradays elektrolyselov.[1] Vitskapsfolk held framleis på leite etter meir nøyaktige måtar å avgjere forholda mellom F, NA og e.

Konstanten var tidlegare nytta som måleininga faraday som eininga for elektrisk ladning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NIST Introduction to physical constants