Faradays elektrolyselov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Faradays elektrolyselov er to lover i elektrokjemi som vart funnen i 1833 av Michael Faraday.

Den eine lova seier at når ein elektrisk straum går gjennom ein elektrolytt, er den utskilte stoffmengda proporsjonal med elektrisitetsmengda som har gått gjennom elektrolytten, det vil sei med produktet av straumen og den tida straumen har gått.

Den andre lova seier at den same elektrisitetsmengda vil skilje ut ekvivalente stoffmengder (masse dividert med kjemisk ekvivalentvekt) av ulike stoff.

Matematisk form[endre | endre wikiteksten]

Faradaylovene kan oppsummerast slik:

m \ = \ \left({ Q \over F }\right)\left({ M \over z }\right)

der:

  • m er massen til stoffet som vert avsett ved ein elektrode i gram
  • Q er den totale elektriske ladninga som passerer gjennom stoffet
  • F = 96,485 C mol−1 er Faradaykonstanten
  • M er molar masse av stoffet
  • z er valenstalet av iona til stoffet (elektron flytta per ion)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]