Fatah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

al-Fatah er ein del av den palestinske nasjonale frigjeringsrørsla, og er den største gruppa innanfor PLO.

Namnet er på arabisk فتح - eit omvendt akronym danna av det fullstendige arabiske namnet Harakat al-Tahrir al-Watani al-Filastini, «Palestinas nasjonale frigjeringsrørsle»; og akronymet tyder «erobring».

Al-Fatah vart skipa på slutten av 1950-talet av unge palestinarar, mellom dei Yassir Arafat. Målet deira var å frigjere Palestina frå det dei såg som ein israelsk okkupasjon. Somme har sett organisasjonen som ein terror-organisasjon, særleg i Israel. Partiet Fatah er i dag konsultativ medlem av den Sosialistiske Internasjonalen.

Fatah har ein pågåande konflikt med islamistrørsla Hamas, som no (i 2007) kontrollerer Gaza. Fatah synest derimot å stå sterkare på Vestbreidda.

Fatah sitt ungdomsforbund Fateh Youth (Shabibet Fateh) er konsultativ medlem i IUSY, den internasjonale organisasjonen der også AUF er medlem.

Kjelde: I hovudsak svensk wikipedia.