Fatemeh Ekhtesari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fatemeh Ekhtesari

Fødenamn فاطمه اختصاری
Statsborgarskap Iran
Fødd 16. juni 1986 (37 år)
Kashmar
Yrke lyrikar, bloggar, journalist, låtskrivar
Språk persisk
Fatemeh Ekhtesari på Commons

Fatemeh Ekhtesari (fødd 16. juni 1986) er ei iransk jordmor,[1] aktivist og forfattar.[2] Ho har gjeve ut fire diktsamlingar, novellesamlingar og ein roman på persisk.[3] Tekstene hennar er omsette til fleire språk. Ei samling tekster vart gjevne ut i norsk omsetjing som Vi overlever ikke (Transfer forlag, 2020).[2][3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg virke[endre | endre wikiteksten]

Fatemeh Ekhtesari er fødd i Kashmar i provinsen Razavi-Khorasan i Iran. Ho var seinare busett i Karaj.[4] Ho pådrog seg negativ merksemd frå dei iranske myndigheiter etter å ha smoge seg inn, kledd som ein gut, på ein fotballarena for å kunne sjå ein kamp mellom Iran og Sør-Korea.[5]

I 2010, då ho var 23 år gammal, gav Ekhtesari ut diktsamlinga Yek bahse feministi ghabl az pokhtane sibzaminiha som vart godkjend av sensuren etter at ho erstatta forbodne ord (som bryst, kyss, fridom, nakenskap) med blanke felt. Men seinare la ho ut dei manglande orda på internett slik at lesarane kunne føre dei inn sjølv. Iranarar les mykje poesi og poetar er kjende personar. I Iran arbeidde ho på ein kvinneklinikk og redigerte tidsskrift retta mot kvinner.[2]

Dom[endre | endre wikiteksten]

Seint i 2013 vart Ekhtesari arrestert, og halden i Evin-fengselet i Teheran. Sommaren 2015 vart ho stilt for retten[2] og på hausten dømt til 99 piskeslag og 11,5 års fengsel for blasfemi og lovbrot mot staten (regimekritisk propaganda) og for å ha handhelsa på ein mann under ein litteraturfestival i Göteborg i Sverige. Angrepet på Ekhtesari frå myndigheitene skuldast truleg at ho er kjend i utlandet. Amnesty International og PEN International engasjerte seg på hennar vegne mens ho satt fengsla.

Ekhtesari anka domen i 2015 og skulle då møte i retten på nytt ein månad seinare. Før ankesaka kom opp flykta hun.

Flukt til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ekhtesari flykta i 2016 frå Iran og reiste til Noreg.[3][6][7][8][9][10][11][12]

Fordi saka hadde fått mykje merksemd i Iran brukte Ekhtesari forkleding som kurdar for ikkje å verte attkjend. Saman med lækjaren og diktaren Mehdi Mousavi reiste ho landevegen gjennom Iran og Irak.[2] Ifølgje eiga skildring vart dei stogga av tyrkiske grensevakter og dei sneik seg gjennom fjella til byen Van aust i Tyrkia. Dei fekk hjelp av foreninga for fribyforfattarar til å kome seg fra Tyrkia til Lillehammer.

Hennar dikt er vorte framført og publisert av forskjellige songarar. Eit av dikta fra hennar fyrste bok vart framført i eit album av Shahin Najafi, saman med Seyed Mehdi Mousavi, Afshin Moghadam og Yaghma Golrowi. Også andre dikt er vorte framførte av ei rekkje songarar; det mest kjente er song 28, sunge av Shadi Amini.

I 2021 vart Ekhtesari tildelt Lillehammer kommunes kulturstipend.[13] Diktsamlinga Hun er ikke kvinne har norske og persiske tekster; den fekk terningkast 5 i Dagbladet.[14][15]

Utgjevingar på norsk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fateme Ekhtesari og Simin Behbahani: En era i föruttnelse. Ett samtal., i Kritiker, 2013, nummer 28/29, a 58, 16. oktober 2015
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Moe, Erlend (13. april 2017). «På flukt fra 99 piskeslag». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. oktober 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Morgenbladet, 21. oktober 2022, s. 38.
  4. Kritiker: En motståndsrörelse på mitt skrivbord, 2013, nummer 28/29, lest 16. oktober 2015}}
  5. Iranska poeter dömda till 99 piskrapp och fängelse, Göteborgs-Posten, Maria Domellöf-Wik, lest 20. oktober 2015
  6. Associated (27. oktober 2015). «Two Iranian poets jailed and sentenced to 99 lashes in new crackdown». Mail Online. Henta 22. oktober 2022. 
  7. Nyheter, S. V. T. (15. januar 2014). «Iranska poeter ska ha släppts». SVT Nyheter (på svensk). Henta 22. oktober 2022. 
  8. «Når dikt er alt du er». www.dagogtid.no. 27. november 2020. Henta 22. oktober 2022. 
  9. Mullen, Jethro (28. oktober 2015). «Rights groups: Iranian poets face lashes for shaking hands with opposite sex». CNN (på engelsk). Henta 22. oktober 2022. 
  10. Nyheter, S. V. T. (13. oktober 2015). «Poeter döms till spöstraff och fängelse». SVT Nyheter (på svensk). Henta 22. oktober 2022. 
  11. «Du synes det blir for mye hverdag og selvsentrering i norsk litteratur? Les denne boken». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 22. oktober 2022. 
  12. «2 Iranian poets, facing lashings and prison, escape country». AP NEWS (på engelsk). 18. januar 2022. Henta 22. oktober 2022. 
  13. «Kulturstipendet 2021 går til...». www.lillehammer.kommune.no (på norsk). Henta 22. oktober 2022. 
  14. «Hun er ikke kvinne». aschehoug.no (på norsk bokmål). Henta 9. november 2022. 
  15. Grønlie, Espen (8. november 2022). «Dømt til 99 piskeslag». dagbladet.no (på norsk). Henta 9. november 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fatemeh Ekhtesari