Persisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Persisk
(فارسی; fârsi)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  iransk
   persisk
Talarar: iranarar, persarar
Bruk
Tala i: Iran, Afghanistan, Tadjikistan Usbekistan, Qatar
Område: Vestlege/sentrale Asia
Persisktalande i alt: 61 millionar
Skriftsystem: Det persiske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Iran
Normert av: Akademiet for persisk språk og litteratur
Språkkodar
ISO 639-1: fa
ISO 639-2: per (B) / fas (T)
ISO 639-3: PRS
Wikipedia på persisk

Persisk eller farsi er eit iransk språk som har status som offisielt språk i Iran og Afghanistan, og som òg blir snakka i Usbekistan og Qatar.

Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. Gjennom Persarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har framleis ein høg status mange stader. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, dette blir ofte kalla det persiske alfabetet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Endonymet (heimnamnet) for språket er fârsi (فارسی) i Iran, dari (درى) i Afghanistan og tâjiki (тоҷикӣ, تاجیکی‎) i Tadsjikistan.

Tradisjonelt har språket blitt kalla «persisk» på norsk, nett som språket tradisjonelt heiter Persianengelsk, Persischtysk og persefransk. Ein har også brukt nemninga «nypersisk» for å skilja det frå gamalpersisk og mellompersisk. Frå slutten av 1900-talet har det òg blitt vanleg å seie «farsi», etter det persiske endonymet fârsi. Det iranske Akademiet for persisk språk og litteratur[1] som har medlemer frå Iran og dei persiskspråklege landa Tadsjikistan, Afghanistan og Usbekistan, har kome med ei fråsegn der dei frårår at nemninga farsi blir nytta på europeiske språk i staden for persisk, Persian osb. med denne grunngjevinga:[2]

  1. Persisk/Persian osb. har vore nytta i mellom anna kulturelle, vitskaplege og diplomatiske dokument i mange hundre år, og det å nytte farsi i staden for persisk ville bryte ein vektig historisk tradisjon.
  2. Det å ta i bruk farsi i staden for persisk gjev inntrykket av at vi har å gjera med eit nytt språk – noko som også kan vere intensjonen til somme av dei som nyttar farsi.
  3. Å endre språkbruken kan òg gje inntrykk av at farsi er ein dialekt som er nytta i nokre delar av Iran, og ikkje det rådande og offisielle språket i landet.
  4. Ordet farsi har aldri vore nytta i nokon vitskapleg artikkel eller noko universitetsdokument på noko vestleg språk,og framlegget om å ta det i bruk kan skape tvil og uvisse om namnet på det offisielle språket i Iran.

Det er viktig å skilje mellom adjektiva persisk og iransk. Persisk har å gjere med éitt av språka eller éi av dei etniske gruppene i Iran, Afghanistan osb., medan iransk har å gjere med landet Iran, der det blir tala 75 ulike språk,[3] eller med den iranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, som persisk høyrer til.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske utbreiinga til det persiske språket.

Persisk er riksmålet i Iran, der over 50 % av innbyggjarane har det som morsmål. I tillegg blir det tala i Sentral-Asia, Afghanistan, Pakistan og India, der det gjerne har status som eit danna, litterært språk.

Som folkespråk er det utbreidd over heile det gamle Persarriket, bortsett frå Aserbajdsjan, der det er blitt fortrengd av tyrkisk, i nordre Khorasan der turkmensk har erstatta det, og på vestkysten av Kaspihavet opp til Baku.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Persisk høyrer til den iranske greina av dei indoiranske språka. Den historiske utviklinga kan delast inn i tre: Gammalpersisk, mellompersisk eller pahlavi (pehlevi), og moderne persisk.

Dei fonetiske særmerka i den språklege utviklinga frå gammalpersisk til farsi (jfr zend) er hovudsakleg bortfall av endevokalar og at ustemde k, t, p, c (tsj) er blitt stemde g, d, b, z. Døme:

 
gammalpersisk
mellompersisk
moderne persisk
«død»
mahrka
mark
marg مرگ
«sjølv»
xvato
xvat
xod- خود
«vatn»
api
ap
âb آب
«dag»
raucah
rojj
ruz روز

Vidare har f og nokre gonger d blitt til h. Døme:

 
gammalpersisk
mellompersisk
moderne persisk
«fjell»
kaufa
kof
kuh کوه
«plass»
gaõué1
gås
gäh
«eg gjev»
dadämi
 
diham
«fot»
päõa2
 
پا

1I staden for -tus. 2Berre i avestaen.

Morfologisk står gammalpersisk på om lag same nivå som sanskrit. Nomen, men ikkje verb, har dualis, og av dei åtte kasusa i sanskrit manglar gammalpersisken berre dativ. Verbet har både konjunktiv og optativ, sama rike utbygging av presensstammen av om lag same tempus som sanskrit. Mellompersisk har ei total ombygging, og er i hovudtrekk identisk med moderne persisk.

Frå starten av hadde nypersisk dei korte vokalane a, i, u, og dei lange æ, i, u, e (opphavleg ai) og ø (opphavleg au). I moderne persisk blir opphavleg a uttala som open e (eller æ), æ som norsk å, og e og ø som i og u. Til dømes heitte det før Eran, no Iran og før kõh og rõz, no kuh og ruz. Denne fonetiske endringa er, i tillegg til den innverknaden arabisk har hatt på språkbruk og ordforråd nesten den einaste utviklinga nypersisk har gjennomgått dei seinaste 900 åra.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Dei persiske vokalane plasserte i vokalfirkanten.

Vokalar

 
fremre
bakre
 trong
ی
و
 midtre
ِ
ُ
 open
َ
ا
 
fremre
bakre
 trong
/i/ [i]
/u/ [u]
 midtre
/e/ [e]
/o/ [o]
 open
/a/ [æ]
/â/ [ɒ]

Vokallengd er ikkje tydingsskiljande i moderne persisk.

Konsonantar

 

alveolar

velar

glottal

 ustemd plosiv
p [p]
t [t]
c [ʧ]
k [k]
' [ʔ]
 stemd plosiv
b [b]
d [d]
j [ʤ]
g [g]
 
 ustemd frikativ
f [f]
s [s]
š [ʃ]
x [x]
h [h]
 stemd frikativ
v [v]
z [z]
ž [ʒ]
ɣ [ɣ]
 
 nasal
m [m]
n [n]
 approksimant l [l] y [j]
 rotikon r [r]

Trykket ligg i hovudsak på den siste stavinga.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Persiske verb kan uttrykkje tempus og aspekt og blir bøygde i person og numerus. Det finst ikkje noko grammatisk genus. Suffiks er vanlegast, men prefiks førekjem òg. Verbet blir sett sist i setninga.

I formbygninga er persisk sterkt forenkla samanlikna med gammalpersisk. Alle kasusa har forsvunne, men språket har bygd opp ein ny possessivpartikkel mellom det styrande og styrte (for eksempel barâdar-e-pedar برادر پدر («bror-til–far»)) samt ei objektform som er merkt med postposisjonen -râ را (gammalpersisk rad («veg»)), ofte med ordet mar مر framom, for eksempel mard-râ مردرا («åt mannen»).

Pluralendinga -ân har oppstått frå genitiv pluralis -ân og -âm for animatar og -hâ for inanimatar (men i noverande daglegtale alltid -hâ), for eksempel mardân مردان ('menn'), gol-hâ گلها ('roser'). Dualis har forsvunne.

Ingen bunden artikkel finst, men ein ubunden med endinga -e i for eksempel gole, alternativt yake gol, 'ei rose'.

Adjektivet er ubøyeleg, men blir foreint med det føregåande substantivet sitt gjennom ein possessivpartikkel -e-, for eksempel mardân-e-beh («dei gode mennene»). Komparasjon skjer gjennom endingane -tar og -tann, i for eksempel behtar بهتر («betre»), bahtann («best»); av gammaliransk beh, «det gode»).

Personlege pronomen blir possessivbøygd som nomen, til dømes man ('eg'), tu ('du'), pedar-e-man ('min far'), pedar-e-beh-e-tu-râ ('til din gode far'). På same måten som norsk skil persiske pronomen seg frå substantiva ved å ha kasus, og possessiv i dativ-akkusativ blir uttrykt gjennom suffiks, som i pedar-am ('min far'), burd-at ('han bar deg'). Det relative pronomenet ke ('som') er ubøyeleg.

Finitte verbformer blir danna dels av presensstammen: imperativ bar ('bera'), også presens: mibar-am ('eg ber'), futurum, bibar-am ('eg skal bera'), bar-ân ('berande'); dels av perfektstammen: burd-am ('eg bar'), burd ('han bar'), burda ('boren'), burd-an('å bera'). Fleire andre tempus, til dømes passiv, blir danna med hjelpeverb, som i burde-am ('eg har bore'), burd(e)-ast ('han har bore'), og dette blir lagt til grunn for danningar som burdast-am ('eg har bore'); burdâ büd-am ('eg hadde bore'), burda savam ('eg blir boren').

Possessiv kan uttrykkast med innskot av -e- (døme: hønseegg toxm-e-morɣ eigentleg 'egg—av ei—høne').

Nokre norske ord
med opphav i persisk/farsi
  • basar < persisk بازار bâzâr
  • divan ‍< persisk دیوان divân
  • fersken ‍‍< latin (malum) Persicum 'persisk (eple)'
  • karavane < persisk کاروان kârvân
  • kiosk < tyrkisk köşk < persisk گوشه guše
  • lakk < persisk لاک lâk
  • paradis < gresk παράδεισος parádeisos < mellompersisk *pardēz
  • sjakk < persisk شاه šâh

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

Mange persiske ord har protoindoeuropeisk opphav. Nye ord kan dannast gjennom å legga til affiks eller ordsamansetjing, som illustrert over. Språket har særleg teke imot lånord frå arabisk, engelsk, fransk og tyrkiske språk.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

Gammalpersisk har vorte bevart for ettertida i dei akemenidiske kileinnskriftene (520-350 fvt.) i ruinane av Persepolis, på klippeveggane ved Behistan, Naxš-e-Rostam نقش رستم (nær Susa, persisk Šuš شوش og på andre stader. Etter akemenidane sitt fall (331 fvt.) finst ingen kjelder på persisk språk for dei neste fem århundra. Under arsacidane og sassanidane si tid opptrer så mellompersisk med eige alfabet, først i innskrifter, deretter i den såkalla pehlevilitteraturen.

Farsi skrive med arabiske bokstavar i Nimmatnama-i Nasiruddin-Shahi ('Oppskriftsboka') frå slutten av 1400-talet.

Etter at Persia vart erobra av arabarane (650) følgde igjen ein mesta litteraturlaus periode på over 200 år. Dette varer fram til nypersisk (skrive med arabiske bokstavar) frå og med 800-talet framtrer med omtrent same grammatiske formbygnaden som han har i våre dagar.

Sjå og det persiske alfabetet.

Persisk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste parsiske skriftene blei øydelagde etter den muslimske erobringa av Persarriket, men parsarane som flykta til India tok med seg nokre av dei viktigaste bøkene, blant dei Avestaen og kommentarboka Zend.

«Gjenfødinga» av den persiske litteraturen, etter nokre århundre der arabisk dominerte, kom det med diktarar som Hanzala Rudagi, Belami, Unsuri, Daqiqi og ikkje minst Firdausi. Sufidikt er òg ein viktig del av litteraturen. Av sufidiktarar kan nemnast Ahmad Hatef, medan Omar Khayyam truleg er best kjend i Vesten for diktsamlinga Rubaiyat.

Gjennom persisk påverknad spreidde litteraturen seg til ein kulturkrins frå Balkan i vest til Bengal i aust. Den kjende farsidiktaren Rumi budde i dagens Tyrkia og Nezami i Kaukasus, medan forfattarar som Amir Khosrau, Muhammad Iqbal og Mirza Ghalib levde og verka i India.

Sidan 1900-talet har prosa fått ei sterkare stilling innan den persiske litteraturen. Nokre nyare forfattarar er Sadeq Hedayat («Irans Kafka»), Mohammad-Ali Jamalzadeh, Bozorg Alavi og Zoya Pirzad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Persisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Farhangestân-e zabân va adab-e fârsi فرهنگستان زبان و ادب فارسی
  2. Jf. artikkelen Academy of Persian Language and Literature på engelsk Wikipedia
  3. Ethnologue om Iran