Lillehammer er ein by og administrasjonssenter i Lillehammer kommune i Oppland fylke med 20 857 innbyggjarar (2012). Lillehammer er administrasjonssenter i fylke. Kyrkjeleg er Lillehammer prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.
Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med Lillehammer sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidaresamband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet moglegjorde transitt av tømmer[2] og jordbruksvarer til hovudstaden, og bidrog til byens framvekst.
Olympiske og paralympiske vinterleikar [endre]
Lillehammer har vore vertsby for vinter-OL 1994 og vinter-PL 1994. I 2016 vil Lillehammer att vere vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var valt ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
- ↑ Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.
Bakgrunnsstoff [endre]