Fildeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fildeling er deling av datafiler. Det finst mange måtar å overføra filer mellom datamaskinar på, men uttrykket vert helst brukt om overføring via internett, anten gjennom ein tenar der filene vert mellomlagra, eller direkte mellom brukarar.

Dei tidlegaste fildelingssystema var sentrale tenarar der ein kunne lasta opp filer, så andre kunne lasta dei ned.

Peer to peer[endre | endre wikiteksten]

Peer to peer (P2P) vil seia at filene går direkte mellom brukarane.

Deling via såkalla chat-kanalar, t.d. IRC, har vore, og er, vanleg særleg mellom dei som elles er aktive på slike kanalar og program. Ein annan metode for P2P-deling er at ein lastar ned eit program, for så å søkja gjennom programmet for å finna filer som er lagra på andre brukarar sine datamaskinar. Døme på slike program er Kazaa og LimeWire.

Dei siste åra har det vore meir vanleg å bruka BitTorrent-filer. Ei torrent er ei fil som inneheld informasjon om fila som skal delast. Når ein har lasta ned ein torrent, opnar ein torrenten i eit spesielt program, som tek til med å lasta ned fila ein vil ha. BitTorrent fungerer slik at ein lastar opp samstundes med at ein lastar ned, slik at ikkje alle treng lasta ned frå den brukaren som har fila i utgangspunktet. The Pirate Bay er den mest populære BitTorrent-nettstaden i verda.

Konflikt med opphavsretten[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av internett har gjort det lett og billeg å spreia informasjon og kultur. Wikipedia er eit anna døme på dette. I dag er fildeling over internett ein svært vanleg måte å skaffa seg musikk, filmar og dataprogram på, trass i at det bryt med opphavsretten fordi ein ikkje betalar for det ein lastar ned[1]. Utgjevarar av underhaldning meiner at dei misser inntekter på grunn av fildelinga, som dei kallar piratkopiering. Dei prøver å hindra slik deling ved t.d. å leggja sperrer på CD- og DVD-plater, så dei ikkje skal kunna kopierast. I tillegg har styresmakter i ulike land gjort fleire aksjonar for å stoppa folk som deltek i fildeling eller legg til rette for deling. Ein tidleg tenar for nedlasting av musikk, var Napster i USA. Nettstaden deira vart stengd etter ein dom i US-amerikanske domstolar i 2001. I Noreg i 2002 vart ungguten Jon Lech Johansen stilt for retten for å ha utvikla eit program for å omgå kopisperra på DVD-plater. Han vart frikjend i lagmannsretten i 2003[2]. I Sverige har politiet gjort fleire forsøk på å stoppa nettstaden The Pirate Bay[3]. Men fordi denne nettstaden berre legg ut hjelpefiler, og ikkje gjer noko ulovleg, har styresmaktene mislukkast i framstøyta sine. Musikkgruppa Metallica har gått hardt ut mot folk som deler musikken deira utan å betala for han.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (Åndsverkloven)
  2. Dommen til Jon Johansen
  3. Politi raidet svense fildelereVG Nett 31. mai 2006