Filip II av Orléans
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filip II av Orléans (2. august 1674–23. desember 1723) var fransk prins, son av Filip I av Orléans og nevø av Ludvig XIV. Han virka som regent for Ludvig XV i tida då Ludvig var mindreårig frå 1715 til 1723.
Han gifta seg med kusina si Françoise-Marie de Bourbon 9. januar 1692. Ho var dotter av Ludvig XIV og Madame de Montespan og den yngste legitime dottera (légitimée de France) til Ludvig. Filip og Françoise-Marie fekk åtte barn.
Han vart ofte historisk omtalt som le Régent.
[endre] Barn
- Mademoiselle de Valois (1693–1694)
- Marie Louise Élisabeth (1695–1719), gift med hertug Karl av Berry
- Louise Adélaïde (1698–1743).
- Charlotte Aglaé (1700–1761), gift med Frans III, hertug av Modena
- Ludvig av Orléans (1703–1752).
- Louise Élisabeth (1709–1742), gift med Ludvig I av Spania
- Philippine Élisabeth (1714–1734)
- Louise Diane (1716–1736)