Fiskeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiskar med torskefangst

Fiskeri er eit samlenamn for yrkesmessig fiske. Omgrepet fiskeri vert ofte knytt til dei ulike fiskeslaga, som til dømes torskefiskeri, sildefiskeri og så bortetter, utan omsyn til kva båttypar som vert nytta. I dei norske fiskeria (fiske etter alle artar) vart det i 2004 landa over 2,5 millionar tonn, til ein førstehandsverdi på 10,38 milliardar kroner. Omtrent 90 % av norsk landa kvantum blir eksportert. Dei viktigaste fiskeria rekna etter økonomisk verdi er fisket etter sild og etter torsk. I 2004 var førstehandsverdien av fisket etter torsk 2,78 milliardar kroner, og verdien av sildefiskeriet var 2,02 milliardar.

I 2004 var det 12 677 personar som hadde fiske som hovudyrke, medan 2909 hadde fiske som attåtnæring fordelt på 8 804 båtar. Dette er ein kraftig nedgang sidan 1994. Då var det 16 442 som hadde fiske som hovudyrke og heile 6 478 som hadde fiske som attåtnæring, fordelt på 15 206 båtar.

Fiskeri, saman med havbruk, er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. I 2004 vart det eksportert sjømatprodukt for 28,2 milliardar kroner. Dette er fordelt ganske jamnt mellom villfanga fisk og oppdrettsfisk. Japan, Russland og Frankrike var dei største mottakarane av norske sjømatprodukt. Kvart av desse landa importerte norsk sjømat for rundt 2,5 milliardar kroner.

Havfiske i Noreg vert regulert av kvoter utlevert av staten. Desse kvotene seier noko om kva ein båt har lov til å fiska både i mengd og fiskeart. Med desse kvotene vil staten minska overfiske samt fordela kvotane på ein rettferdig måte til allmenninga.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.