Fjord1 Fylkesbaatane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fjord1 Fylkesbaatane (tidlegare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) er eit norsk transportselskap. Det er ein del av Fjord1-konsernet, og driv i hovudsak ferje-, passasjerbåt- og godsbåt-trafikk i Sogn og Fjordane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1858 vart selskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe skipa. I åra rundt hundreårsskiftet var den seinare statsministeren i Noreg, Christian Michelsen direktør. I 1919 endra selskapet namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1937 bygde selskapet sitt siste dampskip D/S «Fanaraaken». I 1939 kom «Lærdal» som var den første bilferja.

Utviklinga av Fylkesbaatane slik ein kjenner selskapet i dag starta på slutten av 1960-talet. Då bygde dei sine første snøggbåtar samstundes som det vart satsa sterkt på bygging av bilferjer. Berre på slutten av 1970-talet vart fem ferjer av det som den gong vart kalla 50-bilars-ferjer eller Møre-modellen sett i trafikk. I løpet av 1980- og 1990-talet vart flåten ytterlegare modernisert.

I 2001 danna Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar selskapet Nordvestlandske. Samarbeidet vart i løpet av det neste året utvikla vidare og i 2002 vart det til transportkonsernet Fjord1.

Fjord1 har kring 500 tilsette og har hovudkontor i Florø.[1]

Flåte[endre | endre wikiteksten]

Ferjer[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonsbåtar[endre | endre wikiteksten]

Passasjerferjer[endre | endre wikiteksten]

Ekspressbåtar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fjord1.no