Flattryktheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein flattrykt sfæroide er ein ellipsoide med ein kort akse og to like lengre aksar.

Ein flattrykt sfæroide

Flattryktheit er eit mål på kor flattrykt ein planet er. Ein planet som er tilnærma sfærisk i forma, kan vera bulande utover i senter på grunn av rotasjonen. (Den ikkjeeksisterande) sentrifugalkrafta kjempar mot tyngdekrafta som gjer at planeten ser meir ut som ein sfære dratt ut ved ekvator

Matematisk definerast flattryktheit som følgjer:

\epsilon = {R_{e}-R_{p} \over R_{e}} \approx {3 \pi \over 2 G T^{2} \rho}

der R_{e} er den ekvatoriale radiusen og R_{p} er den polare radiusen. Tilnærminga gjeld i tilfellet for ein flytande planet med konstant tettleik; det er ein funksjon av den gravitasjonelle konstanten G til Newton, rotasjonsperioden T og tettleiken \rho.